– Det ser veldig bra ut. I vårt område i Naddvik har vi ikkje funne sauer som er tekne av rovdyr, seier Ole Bjarne Hovland. Kvart å slepper han 400 sauer på beite, i år kan det sjå ut til at han også kan få nesten alle heim igjen.
For to år sidan var situasjonen heilt annleis,
–
, men i ettertid har det vorte rydde opp, seier Hovland.Jervejakt
. Det er truleg forklaringa på at sauenæringa så langt ser ut til sleppe dei store rovdyrskadane i år.
– Det er lenge sidan vi har vore ute for å sjå på så få rovdyrskadar som i år, seier Rein Arne Golf, som er rovviltkontakt i Statens naturoppsyn.
Sjølv om sankinga så langt ser ut til å gå bra med omsyn til rovdyrskadar, står enno att viktige beiteområde for sau, blant anna i Luster. Der skal dei først ha hovudsankinga av sauer komande helg. Der har dei tidlegare hatt store problem med jerv.
– Når det er færre jervar i området så blir det færre skadar. Men det er nok framleis jerv i området, om enn meir sporadisk. Og til no har vi ikkje funne skadar etter dei, seier Golf.
Eigen gjetar
I Naddvik i Årdal har Hovland i sommar hatt eigen gjetar, som har sett etter sauene på beite. Han trur likevel ikkje det har hatt så mykje å seie for at dei no opplever færre rovdyrskadar.
– Nei, han ser meir etter dyr som kanskje ikkje har det bra av andre grunnar. Når det gjeld rovdyrskadar så er det jobben som vert gjort om vinteren som er viktigast.
- Les også:
Til helga skal han på ettersanking, for framleis manglar han 10 søyer og 27 lam, men han reknar med å finne dei aller fleste.
– Det er vanskeleg å rekke over alle holer og urer første helga, men mange har meldt frå om at dei har sett sauer, og no er det også fint vêr for sauesanking, seier Hovland.