Hopp til innhold

Dette har Hagenlund tent på aksjehandelen

Assisterande fylkesmiljøvernsjef Gøsta Hagenlund har så langt tent om lag 1500 kroner på sin aksjehandel i det omstridde gruveselskapet Nordic Mining.

Gøsta Hagenlund

KJØPTE AKSJAR: Assisterande fylkesmiljøvernsjef Gøsta Hagenlund har så langt hatt ein avgrensa vinst på aksjane han har kjøpt i Nordic Mining.

Foto: Bengt Flaten

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane la i ettermiddag fram ein oversikt over kor mange aksjar, og kor mykje Hagenlund har hatt i inntekt på aksjeskjøpet.

Det er Firda som i dag fortel at assisterande fylkesmiljøvernsjef Gösta Hagenlund ved årsskifte eigde 7 494 aksjar i selskapet.

Fylkesmann Anne Karin Hamre kjende ikkje til eigarskapen.

I følgje heimesida til fylkesmannen har fylkesmiljøvernsjefen handla aksjane sine slik:

  • 31.10.2011: Kjøp av 1 000 aksjar i Nordic Mining ASA. Kurs per aksje var kr 1,60, total kostnad kr 1 600. «Anskaffelsesdato» er oppgjeven å vere 03.11.2011, og «anskaffelsesverdi» per aksje er oppgjeven til kr 1,70)
  • 25.01.2012: Fortrinnsemisjon, kjøp av ytterlegare 494 aksjar til kurs kr 0,90, total kostnad kr 444.60
  • 24.02.2014: Kjøp av 6 000 aksjar til kurs kr 1,06, total kostnad kr 6 360.
  • Til saman hadde assisterande fylkesmiljøvernsjef 7 494 aksjar etter kjøpet i februar 2014.
  • 20.04.2015: Sal av 7 000 aksjar til kurs kr 1,41, altså inntekt på kr 9 870.
  • Per i dag har assisterande fylkesmiljøvernsjef att 494 aksjar. Han har brukt kr 8 404,60 på å kjøpe aksjar, og har hatt inntekter på kr 9 870 etter sal. Økonomisk vinst er så langt kr 1 465,40.

Fylkesmannen er skuffa etter at assisterande fylkesmiljøvernsjef kjøpte opp over 7 000 aksjar i omstridde Nordic Mining.

– Dette blir følgt opp, lovar fylkesmann Anne Karin Hamre.

– Eg forstår at folk reagerer og eg reagerer sterkt sjølv også. Vi kjem til å gå inn i dette og snu alle steinar som har vore i samband med aksjekjøpet, seier fylkesmannen.

Omstridd gruvedrift

Nordic Mining har søkt og fått løyve til å vinne ut rutil i Engebøfjellet. Dei har også fått tommelen opp frå regjeringa til å deponere 140 millionar kubikkmeter restmasse i Førdefjorden .

Dette er det ikkje alle som er samde i, sjølv om drifta kan bety 300 arbeidsplassar lokalt – og 500 arbeidsplassar på landsbasis.

– Fylkesmannen som tilsyns- og kontrollinstans avhengig av tillit hjå innbyggjarane. Det set avgrensingar på kva bindingar og engasjement ein kan ha som privatpersonar og særskilt for leiarar. Difor er det viktig at det ringer nokre varselbjøller om ein har tenkt å gå inn på slike kjøp, seier Hamre.

– Må vise stor aktsemd

Hagenlund seier til Firda at han kjøpte aksjane av nysgjerrigheit for å få meir informasjon om selskapet og presiserer at han kjøpte aksjane som privatperson. Han seier vidare at han har selt dei fleste aksjane.

Fylkesmannen understrekar at Hagenlund ikkje på noko stadium har vore ansvarleg leiar eller sakshandsamar for vedtak, fråsegn eller tilrådingar på vegner av fylkesmannen i Engebø-saka.

– Men sidan Engebø-saka er ei av dei største og mest krevjande saker i fylket vårt, så er det openbart at fylkesmannen må vise stor aktsemd med tanke på eventuelle bindingar i saka. Dette gjeld særskilt leiarar hjå fylkesmannen, seier Hamre.