NRK Meny
Normal

– Ein av dei største forureiningsskandalane i moderne tid

Natur og Ungdom demonstrerer no mot det planlagde sjødeponiet i Førdefjorden. Fleire titals medlemmar er samla utanfor statsråd på Slottet i Oslo sentrum med plakatar, banner og slagord.

Lars Haltbrekken

Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet meiner dette er ein av dei største forureiningsskandalane i moderne tid.

Foto: NRK

«Nei til drift i norske fjordar» og «gruveslam er Norges skam» er bodskapen til Natur og Ungdom som har samla saman fleire unge medlemmar til demonstrasjon utanfor Slottet i føremiddag.

Demonstrasjonen går føre seg utanfor Slottet der det er Statsråd klokka 11.

– Vil gjere Førdefjorden til ein avfallsplass

– Vi kjem til å klage dette in for Regjeringa, og til ESA. Vi trur framleis det er mogleg å stanse prosjektet, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom, til NRK.

– Dette er ein av dei største forureiningsskandalane i moderne tid, og vi fryktar at dette vil ha enorme negative konsekvensar for fiskelivet i Førdefjorden, seier leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken, som også er til stades under demonstrasjonen utanfor Slottet.

– Dette er ikkje berre stein. Det er potensielt giftige kjemikaliar som skal sleppast ut i ein elles fiskerik Førdefjord. Vi fryktar at det same kjem til å skje i Repparfjorden i Finnmark som er ein nasjonal laksefjord. Der vil også konsekvensane for livet i fjorden vere enorm. Natur og miljø tel absolutt ikkje for denne regjeringa, seier Haltbrekken.

Fekk løyve til gruvedrift i dag

Moderniseringsdepartementet har i dag stadfesta reguleringsplanen, medan Klima- og miljødepartementet har gjeve løyve til eit svært omstridd sjødeponi i Førdefjorden.

Ivar Fossum, Nordic Ocean Resources AS

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, meiner løyvet er svært viktig for norsk industri.

Foto: Gøril Furu / NRK

Nordic Mining vil investere kring to milliardar kroner i det som er det største planlagde mineralprosjektet i Noreg. Gruvedrifta kan bety 300 arbeidsplassar lokalt i Sunnfjord, og Mæland viser i ei pressemelding til at den kan bety 500 arbeidsplassar på landsbasis.

– Det har vore ein lang veg å gå, så dette er ein stor dag. Vi er glad for at det endeleg blir sett punktum i saka, seier administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum til NRK.

  • LES OGSÅ: Stor oppslutnad om protest mot sjødeponi

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger