Hopp til innhold

Meiner gruva blir Sunnfjord sitt Mongstad

Sp-politikar Viggo Leikanger trur gruvedrifta i Naustdal blir like viktig for Sunnfjord, som Mongstad er for Nordhordland.

Viggo Leikanger

NØKTERN GLEDE: Av omsyn til gruvemotstandarane er det ei dempa glede hos Viggo Leikanger (Sp). – Det er klart at det er store naturinngrep, men dei positive ringverknadene vil vege opp for ulempene, seier han.

Foto: Privat

Regjeringa velsigna i dag Nordic Mining sine planer om å investere to milliardar kroner i rutilutvinning i Engebøfjellet.

Gruvedrifta vil i første omgang resultere i mellom 170 og 350 nye arbeidsplassar i regionen.

– Justert etter folketal, så vil gruva bety det same for Sunnfjord som Mongstad har betydd for Nordhordland, seier Viggo Leikanger i Naustdal Sp.

Store ringverknader

Mongstad treng ikkje store introduksjonen. Forsyningsbasen til Frank Mohn AS er med sine 250 årsverk ein av dei største private arbeidsplassane i Nordhordland.

Ein Sintef-rapport utarbeidd for Sunnfjord Næringsutvikling viser at 300 arbeidsplassar knytt til gruvedrifta vil gje 530–570 millionar kroner årleg i samfunnsmessig verdiskaping i regionen.

– Det vil gje så mange ringverknader for næringslivet at det vil bli ein viktig motor for vekst i Sunnfjord, seier Leikanger.

– Prosjekt for framtida

Håkon Myrvang

NØKTERN GLEDE: Ordførar Håkon Myrvang (Ap) er nøgd med at Nordic Mining får ja til å starte gruvedrift i Naustdal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ordførar Håkon Myrvang (Ap) er glad for at ventetida no er over og meiner regjeringa fatta eit rett og viktig vedtak. Kommunestyret i både Askvoll og Naustdal har gått inn for gruvedrifta. Det har teke åtte år og utgreiingar for 110 millionar kroner.

– Dette betyr at vi no byrjar arbeidet med å få til mange arbeidsplassar til det beste for både vår kommune og for heile regionen, seier han.

– Vi skal ha ei veldig god forvaltning av sjødeponiet, så framover ynskjer vi å ha med oss miljøvernorganisasjonar for eit forsvarleg og godt prosjekt for framtida, legg han til.

Uro gjorde prosjektet betre

Av respekt for innbyggjarar som i dag har ein tung dag, vil verken Myrvang eller Leikanger heise flagget til topps. Saka har splitta innbyggjarane i kommunen og det politiske miljøet.

Spesielt har uroa vore stor for miljøkonsekvensane og sjødeponiet. Myrvang meiner uroa har vore med å gjere prosjektet betre.

– Vi har veldig respekt for dei som har hatt den meininga, men det har også ført til at vi har brukt lenger tid på å få fram prosjektet, og det har gjort prosjektet endå betre, seier Myrvang.