Hopp til innhold

Dette fekk fylket i revidert nasjonalbudsjett

Fem millionar til styrking av fastlegeordninga og midlar til raskartlegging var høgdepunkta. Men for Vik fengsel var det ein skuffande dag.

Vik fengsel

SKUFFANDE: Vik Fengsel får betydeleg mindre enn dei hadde håpa, og fengselsleiar, Roy Egil Stadheim er skuffa.

Foto: Nyhetsspiller

Vi byrjar med dei gode nyheitene, og spesielt til innbyggjarane i Gulen, Lærdal, Hyllestad og Årdal.

Saman med seks kommunar i Hordaland har dei fått fem millionar av Helsedirektoratet til å oppretta faste opplæringsstillingar for allmennlegar, i håp om å betra rekrutteringa til fastlegejobbar i kommunane.

Prosjektet er finansiert for 2017, men i dag vart det sett av fem millionar i revidert nasjonalbudsjett til å vidareføre ordninga for 2018.

Tore Storehaug på talarstolen

KRF: Stortingskandidat, Tore Storehaug.

Foto: privat

– Det er veldig viktig for dei det gjeld og eg er glad vi fekk det til. For pasientane er det ein ekstra tryggleik å vite at fastlegen ikkje vert skifta ofte, seier stortingskandidat for KrF, Tore Storehaug.

Ordninga er planlagt for fem år og no er dei to første åra finansiert. Fire av ti kommunar har problem med rekruttering av fastlegar og fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland, har tidlegare sagt at han fryktar fastlegeordninga er i ferd med å bryte saman.

Meir til kartlegging

Det vart også funne pengar til Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) sitt prosjekt med å kartlegga ras- og flaumfare i kommunane. I fleire kommunar er det byggestopp, grunna at alle grunnforhold og eventuell rasfare skal vere kartlagt. Det kan koste opp mot 100.000 kroner å få gjort dei geologiske undersøkingane sjølve.

Sveinung Rotevatn

VENSTRE: Sveinung Rotevatn,

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har fått gjennomslag for å gje fem millionar ekstra til NVE, for å få fortgang i kartlegginga i kommunane. Fem millionar er ikkje nok, men det vil hjelpa på, seier Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre.

Får før hadde NVE fått 70 millionar til prosjektet.

Skuffa i Vik

Vik fengsel vil bygga ut med 30 lukka soningsplassar, og tidlegare i år var fengselsleiar Roy Egil Stadheim optimistisk til at regjeringa og samarbeidspartia ville finna plass til fengselet i revidert nasjonalbudsjett.

Det gjorde dei ikkje.

– Det er klart at det er skuffande. Vi hadde håpa på mellom fem og sju millionar i oppstartsmidlar, men eg er framleis optimistisk. Eg har hatt god dialog med politikarane, seier Stadheim.

Roy Egil Stadheim

SKUFFA: Fengselsleiar, Roy Egil Stadheim, i Vik fengsel trur framleis det vil bli funne pengar til utviding av Vik fengsel.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Og både Venstre og KrF lovar å kjempe vidare for pengar til Vik fengsel.

– Vi fekk dessverre ikkje fleirtal, men no skal vi jobba med å få det inn på statsbudsjettet til hausten, seier Rotevatn i Venstre.

– Her må vi brette opp erme og jobba vidare, for dette er eit prosjekt vi må få på plass, seier Storehaug i KrF.