Hopp til innhold

Tonje må ut med 80.000 fordi ho bur i feil kommune

NORDFJORDEID (NRK): Medan staten somlar med raskartlegging, er Tonje Camilla Løfsnes Sjaastad ei av mange som må ta rekninga sjølv.

Tonje Camilla Løfsnes Sjaastad

VIL RIVE OG BYGGE NYTT: Tonje Camilla Løfsnes Sjaastad og familien vil rive det gamle huset på tomta, for så å byggje eit nytt. – Vi må gjere undersøkingar av rasfare og grunnen, seier ho og fortel at dei er innforstått med å ta kostnadene sjølve.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi har sjø og fjell, og sol nesten heile natta om sommaren. Her vil vi byggje oss nytt hus så snart som mogleg, seier ho.

Småbarnsfamilien har funne draumeplassen rett utanfor Nordfjordeid sentrum. Her ligg sjøen heilt inn i hagen, medan fjella reiser seg på baksida.

Men staten har enno ikkje kartlagt faren for flaum og ras i området. Dermed må Sjaastad og sambuaren sjølve betale for geologiske undersøkingar. Rekninga kan nærme seg 100.000 kroner.

– Vi skal bu her med ungane våre og vil ha det trygt.

– Det hemmar utviklinga

Situasjonen for paret i Nordfjord er ikkje eineståande, slik er det mange stader i landet.

I mars i fjor fekk kommunane endå strengare krav om å undersøke og forsikre seg om at alt er i orden før dei gir klarsignal til bygging. Grunnforhold og eventuell rasfare skal vere kartlagt.

Men å lene seg på Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) er førebels vanskeleg. NVE har begynt å lage detaljerte ras- og flaumsonekart, men klarar berre ti kommunar i året.

Roar Sætre i Eid kommune

MANGE SAKER: Byggesakshandsamar Roar Sætre i Eid seier dei har hatt mange saker der utbyggjarane sjølve må ta kostnadane for å gjere nødvendige undersøkingar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi meiner det hastar. Vi ser at det hemmar utviklinga, seier byggesakshandsamar Roar Sætre i kommunen.

Berre i Eid har kommunen det siste halve året hatt fleire titals saker der det blir kravd at geologar synfarer tomtene.

Brigt Samdal

VIL AT FOLK BUR TRYGT: Bakgrunnen for NVE sine kartleggingar er ønsket om at folk skal kunne bu trygt ved framtidige naturhendingar, seier Brigt Samdal i NVE. I Eid skal NVE lage detaljerte faresonekart i 2018 eller 2019.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Store deler av kommunen er såkalla aktsemdsområde. Det betyr at skredfaren må kartleggast nærare, fram til NVE sine detaljerte kart er klare.

– I dei aller fleste tilfella er det ikkje ein reell skredfare. Ei enkel skredvurdering kan koste mellom 70.000 og 100.000 kroner, medan ei større grunnundersøking vil kunne koste fleire hundre tusen kroner. Privatpersonar vil gjerne telje på knappane om det er økonomisk gjennomførbart, seier Sætre.

Kan ikkje love fortgang

Det vil ta tid før alle områda i Norge som treng raskartlegging får det. Brigt Samdal i NVE seier kommunar som er mest utsette, blir prioritert først. Med auka løyvingar er håpet at dei kanskje kan klare litt fleire enn ti kommunar årleg.

– Det er nok alltid slik at ein gjerne skulle gjort meir.

– Skal ein bu trygt rundt omkring må ein sjekke at ting stemmer i kvart enkelt tilfelle, seier han.

Tonje Camilla Løfsnes Sjaastad

VIL BU VED EIDSFJORDEN: Tonje Camilla Løfsnes Sjaastad og familien håpar dei geologiske undersøkingane viser at dei kan busetje seg med denne utsikta.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I Eid er familien Løfsnes Sjaastad utolmodige. Hadde dei budd i ein kommune der NVE er ferdig med kartlegginga, kunne dei spart store summar.

– Det kan verke urettferdig, men det er vi som vil byggje no. Vi må gjere undersøkingar, vi vil byggje eit hus som kan stå der også om 100 år.