NRK Meny
Normal

Fryktar fastlegeordninga er i ferd med å bryte saman

Lange arbeidsveker og sviktande rekruttering av unge legar, gjer at fylkeslegen er uroa for framtida til fastlegeordninga.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

IKKJE FOR UNGE: Per Stensland, seier dagens lange arbeidsveker for fastlegar ikkje passar unge i etableringsfasen.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

– Vi ser at dei unge legane ikkje søker seg til kommunane og at dei sluttar alt for tidleg, seier fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland.

«Gi oss 2000 ferske legar til fastlegeordninga. No.» skriv fylkeslegen i sin kronikk i Aftenposten.

Lange arbeidsveker

Alt i 2009 sa helseministeren at det trengst 2200 nye fastlegar i kjølvatnet av samhandlingsreforma, som skulle ta pasientane ut av sjukehusa og over til kommunane.

Men ifylgje Stensland kom ikkje stillingane.

– Det er for travelt med ei gjennomsnittleg arbeidstid på 46 timar i veka før ein byrjar med vakter i tillegg. Det passar ikkje veldig godt for unge som er i etableringsfasen med små barn, seier han.

Problema har vore størst i utkantfylka, men vert også lagt merke til andre stadar i Norge ifylgje fylkeslegen, som også er professor i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen.

Vidare legg han til at medan sjukehus har følgt utviklinga til andre arbeidsgrupper med tanke på arbeidstid, er ting som det alltid har vore for fastlegane.

– Nokre stadar får dei ikkje tak i fastlegar i det heile tatt. Det er vanskeleg for pasientane og det er vanskeleg for kommunane, seier Stensland.

Mogeleg løysing

Stensland får støtte frå Senterpartiet sin helsepolitiske talsperson.

Kjersti Toppe

Kjersti Toppe, helsepolitiske talsperson i Senterpartiet.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Legevaktordninga gjer at mange fastlegar i distrikta får ei stor arbeidsmengd og det må vi få ei ordning på. I tillegg må ein vurdere finansieringsordninga. Det er fleire som ønsker meir fastlønn, seier Kjersti Toppe.

Men å berre få på plass 2000 nye fastlegar er ikkje heile løysinga.

– Det er like viktig å jobba framtidsretta og utnytta legane betre. Det er vanskeleg å seie at 2000 nye legar vil fiksa problemet, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Lisbeth Normann.

– Er fylkeslegen for bekymra?

– Eg trur det er viktig å ta fylkes- og kommunelegane på alvor og det gjer vi. Det er derfor vi prøver med målretta tiltak som mogelegheiter for etterutdanning og å tilføra kompetente sjukepleiarar som kan avlasta fastlegen, svarar Norman.

Lisbeth Normann

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Lisbeth Normann.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix