Hopp til innhold

Det vil ta dagar å rydde fjorden for drivgods

– Vi er spente på kva vi møter innover fjorden. Ut frå opplysningane eg har, så blir det berre meir og meir dess lenger vi kjem innover, seier skipssjef Lars Andre Johansen om bord i KV Bergen.

Opprydding i Lustrafjorden

KAPASITET: Skipssjef Lars Andre Johansen seier det er god kapasitet for drivgods på KV Bergen. – Eg tviler på at vi klarer å fylle opp dekket i løpet av dagen. Etter planen skal vi losse vi i Skjolden i kveld, seier han.

Foto: Kystvakten

Kystverket ryddar fjorden for drivgods

SKIPSSJEF: Lars Andre Johansen er budd på ein hektisk dag på Lustrafjorden.

Foto: KV Bergen/Kystverket

Kystvaktskipet kom seint søndag kveld til Lustrafjorden. Då dagslyset la seg over Indre Sogn starta dei arbeidet med å rydde etter flaumen i går.

– Det er så langt mest tre og større greiner som er til fare for anna trafikk. Men vi er heldige med både vêr og straumforhold. Det meste driv innover fjorden, og ikkje ut i Sognefjorden, seier skipssjef Lars Andre Johansen.

Måndag ettermiddag måtte dei også prioritere å plukke opp rundballar frå fjorden. I Luster reiste 500 rundballar med flaumen.

Mange dagar til rydding

Ingen personar vart skadde då store nedbørsmengder og kraftig snøsmelting gjorde at både Fortundalselva og Floane i Mørkridsdalen gjekk langt over breiddene sine. Totalt vart eit 30-tals personar evakuerte og like mange isolerte i dei to dalane i Luster.

Opprydding i Lustrafjorden

HEKTISK: Ryddearbeidet til Kystvakta er manuelt. To båtar køyrer skytteltrafikk til og frå kystvaktskipet med drivgods som blir heisa opp på akterdekket med kran.

Foto: Kystvakten

Naturkreftene gjorde stor skade. Førebels er det ukjent kor mykje skade, men både vegar og vegetasjon har fått gjennomgå. Kor mykje som har nådd fjorden er uvisst.

– Eg vil tru at det går mange dagar med rydding her. I høve til at vi berre har rydda ei nautisk mil av ein fjord på 15 nautiske mil, så tykkjer eg vi har tatt unna mykje, seier Johansen.

«Utvær» på veg

I utgangspunktet blir kystvaktskipet i området til Kystverket får på plass sine båtar. Dei vil ha to båtar på plass i dag, medan ein tredje båt kjem tysdag.

Kystverket vil i dag opp med helikopter for å få oversikt. I tillegg er fartøya «OV Utvær», «Storholmen» og «Slåtterøy» på veg for å hjelpe.

– «Utvær» er den største typen vi har, og med to tilsynsbåtar i tillegg så har vi bra kapasitet og effektive båtar til slikt arbeid, seier seniorrådgjevar Pål Are Lilleheien.

– Det er førebels tidleg å seie, men mykje tyder på at ryddearbeidet vil ta tid. Det er betydeleg mengde drivgods, legg han til.

Kystverket ryddar fjorden for drivgods

RYDDAR: Det er for det meste tre og greiner som driv innover fjorden, men Kystverket må også plukke opp rundballar.

Foto: KV Bergen/Kystverket