Hopp til innhold

Det vil koste kommunen millionar å la Abenezer bli buande

Det vil koste kommunen fleire millionar årleg å la Abenezer og familien bli buande i Sogndal. – Vi må heller arbeide for å endre eit urimeleg regelverk, seier ordførar Jarle Aarvoll.

Abenezer Adhenome

SKAL FLYTTAST: Abenezer (5) skal saman med familien flyttast til Arna mottakssenter i Bergen.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Regelverket er heilt urimeleg og det er viktig at vi lukkast med å endre det. Dette må ikkje bli eit kostnadsspørsmål, men eit verdigheitsspørsmål, seier ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll.

Han snakkar om saka til fem år gamle Abenezer Adhenome. Abenezer er asylsøkjar, han har budd i Sogndal heile sitt liv og har ein alvorleg grad av autisme. Familien er papirlause og får ikkje opphaldsløyve. No leggast mottaket i Sogndal ned, og familien må flytte til Bergen.

Kan forverre helsetilstanden

I Sogndal har Abenezer eit stort støtteapparat rundt seg. Autismeforeininga i Bergen meiner at å flyttast vekk frå dette, ikkje er til «barnets beste».

– Barn med autisme er veldig sårbare for endringar og ein forverring i helsetilstanden vil vere veldig sannsynleg om han blir flytta, seier Elisabeth Johansen i Autismeforeininga.

Abenezer

I BARNEHAGEN: Abenezer blir henta av faren, Amebachew Geburu Adhenome, i barnehagen i Sogndal.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Skal Abenezer halde fram med å bu i Sogndal utan å bu på eit mottak, vil Sogndal kommune måtte betale for tilrettelegging og behandling. Det inneber fleire millionar kronar årleg.

– Om ein liten kommune har ressurskrevjande brukarar som ein ikkje får statleg kompensasjon for, så vil det vere store summar som må takast frå kommunebudsjettet, seier Aarvoll.

Krev regelendring

No jobbar fleire av partia i kommunestyre i Sogndal for å få endra regelverket. Dei meiner Abenezer må få opphald på grunn av sjukdomen sin. Då kan han bli buande i Sogndal og kommunen vil få overføringar frå staten for å dekke utgiftene.

Fleire av gruppeleiarane i Sogndal kommunestyre har sendt eit brev til Stortinget og regjeringa der dei ber dei følgje opp Barnekonvensjonen.

– Vi håper at Stortinget vil vurdere det slik at universelle tenester til barn skal vere uavhengig av status. Vi føler det er urimeleg at ein unge som har fått opphald har heilt andre støtteordningar enn ein unge som ikkje har fått opphald, seier ordføraren i Sogndal.