Hopp til innhold

Det vart tap for Florø på fotballens festdag

Etter om lag 40 minutt scora Åsane eit corner-mål og det vart tap for Florø på bortebane.

Florø Fotball før avspark

FØR AVSPARK: Florø-laget før avspark tidlegare i sesongen. (Arkivfoto)

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg er stolt over det spelarane presterer. Vi dominerer spesielt andre omgang, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Trenaren er nøgd med innsatsen til spelarane, sjølv om dei slepp inn eit corner-mål før pause, og ikkje greier å score på dei sjansane dei har sjølv. Han er mindre nøgd med spelet til motstandarane.

– Det vanskeleg å spele mot eit lag som kanskje ikkje speler så mykje fotball, og berre smell ballen opp, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..

Etter tapet ligg dei på 12.-plass i tabellen og har ein tøff kamp mot Bodø/Glimt framfor seg. Etter at 17. mai-feiringa er overstått skal dei gjere seg klare for den kampen, seier Rognsø, og har trua på at resultata kan betre seg framover.

Terje Rognsø

ER POSITIV: Florø-trenar Terje Rognsø har trua på at dei kan oppnå betre resultat.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Vi er ikkje dårlegare enn laga vi har møtt spelemessig. Vi gjer nokre dumme feil av og til, men vi er positive og håpar det skal bli bra, seier han.

Før kampen mot Åsane låg dei på 10.-plass i tabellen etter eit tap mot Start på heimebane.

Supporterane var med

Trenar Terje Rognsø frykta å måtte spele denne bortekampen for heilt tomme tribunar, sidan også Brann speler kamp i Bergen. Tidlegare har det vore folkefest i Florø under «Fotballens festdal», men denne gongen måtte laget spele borte.

Det var tynt i tribunane på Myrdal stadion under kampen, men 4–500 Florø-supporterane hadde teke turen. Rognsø skulle gjerne spelt kampen på heimebane, men set pris på at så mange blei med til Bergen likevel.

– Vi set pris på den støtta og skulle gjerne gitt dei som kom hit eit betre resultat, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..