Hopp til innhold

Må spele for tomme tribunar 16. mai

På «fotballens festdag» ventar Florø-trenaren å måtte spele utan publikum.

Terje Rognsø

EKSTREMT SKUFFA: Florø-trenaren hadde håpa på folkefest på heimebane dagen før nasjonaldagen.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Eg har ingen forståing for dette, seier trenar Terje Rognsø i Florø Fotball.

Han hadde ønska seg heimekamp og folkefest 16. mai, men neste år skal dei spele mot Åsane på bortebane. Det er same dag som Brann har heimekamp mot Sandefjord og Rognsø meiner dette er heilt ubegripeleg.

Konkurrerer om publikum

Dei må konkurrere om Bergenspublikummet, og Rognsø trur klubben fort kan komme til å tape opp mot ein halv million kroner.

– I Florø kunne vi fått 2000–3000 tilskodarar, men eg tvilar på at folk blir med oss til Bergen dagen før 17. mai, seier han.

Seksjonsleiar kamp/arrangement hos Fotballforbundet, Rune Pedersen, seier til NRK at dei har tatt i betraktning at også Brann spelar heimekamp, men at dei av omsyn til alle innspel og avgrensingar til serieoppsettet ikkje klarte å innfri ønsket til Florø.

Får tøffe motstandarar

Det kan bli eit tøft møte med 1. divisjonen neste år. Allereie første seriekamp 2. april spelar møter dei Jerv som var nære på å rykke opp i eliteserien i år. Men trenaren tek ingen sorger på forskot.

– Det er greitt det. Det er litt synd at vi får heimekamp så tidleg på året, for vi er eit «graslag». Jerv er ein tøff motstandar, men det blir alle kampane for oss i denne divisjonen her, så det er berre å hoppe i det, seier Rognsø.

Florø avsluttar sesongen som dei byrjar den, med Jerv 5. november.

Her Florø sine kampar i OBOS-ligaen:

  • 2. april: Florø – Jerv
  • 9. april: Strømmen -Florø
  • 17. april: Florø – Levanger
  • 23. april: Arendal – Florø
  • 30. april: Florø – Elverum
  • 16. mai: Åsane – Florø
  • 21. mai: Florø - Bodø/Glimt
  • 28. mai: Kongsvinger - Florø
  • 4. juni: Florø - Sandnes Ulf
  • 11. juni: Tromsdalen - Florø
  • 18. juni: Florø - Ull/Kisa
  • 25. juni: Mjøndalen - Florø
  • 2. juli: Ranheim - Florø
  • 23. juli: Florø - Fredrikstad
  • 30. juli: Elverum - Florø
  • 6. august: Florø - Kongsvinger
  • 13. august: Start - Florø
  • 16. august: Florø - Mjøndalen
  • 20. august: Sandnes Ulf - Florø
  • 3. september: Florø - Tromsdalen
  • 10. september: Florø - Arendal
  • 17. september: Ull/Kisa - Florø
  • 24. september: Florø - Ranheim
  • 1. oktober: Bodø/Glimt - Florø
  • 15. oktober: Florø - Åsane
  • 22. oktober: Levanger - Florø
  • 29. oktober: Florø - Strømmen
  • 5. november: Jerv - Florø