Hopp til innhold

Vakrare debutscoring skal du leite lenge etter

FLORØ (NRK): Innbytar Abubakar Aliyu Ibrahim venta i månadsvis på debuten. Mot Florø fekk nigerianaren draumestart på Start-karrieren.

Abubakar Aliyu Ibrahim brassar inn debutmål for Start

BRASSESPARK: – Eg har scora nokre mål på brassespark for landslaget, så det var berre å prøve igjen, gliser Abubakar Aliyu Ibrahim.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Heimelaget var ineffektive, medan opprykksfavoritten frå Sørlandet effektive i 1. divisjonsoppgjeret.

Debutant Abubakar Aliyu Ibrahim fastsette sluttresultatet til 4–1 i favør av Start, som dermed tek steget opp på opprykksplass.

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg såg keeper missa på ballen, at han var ute frå målstreken og då eg fekk kontroll på ballen var det berre å prøve, seier 22-åringen med bakgrunn frå tunisisk og nigeriansk fotball.

Abubakar Aliyu Ibrahim

ENDELEG: Abubakar Aliyu Ibrahim kom til Kristiansand i februar, men måtte vente til Florø-kampen på debuten. – Abu er ein sterk og bra type som vi vil få mykje glede av, seier trenar Steinar Pedersen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

FIFA kopla inn

Ein usemje mellom hans to tidlegare klubbar utsette debuten for nigerianaren.

Til slutt vart FIFA kopla inn, og dømde tunisiske CA Bizertin til å frigje spelaren. Dermed fekk han sin første halvtime mot Florø.

– Eg veit ikkje heilt kva klubben har tenkt på. Dei ville berre ikkje la meg spele. Det har vore ei vanskeleg tid, der eg berre har kunne trene og sjå lagkameratane mine spele kampar. No er det godt å vere i gang, seier Ibrahim.

Florø pressa

Vegar Gjermundstad har scora mot Start

JUBEL: Runar Hove sende Florø i leiinga med pannebrasken etter kring eitt kvarter. Like etter var det balanse i målprotokollen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Florø la all respekt att i garderoben og skapte sjansar på løpande band før kvilen. Runar Hove stonga Florø i føringa, men Espen Børufsen og Dennis Antwi gav Start leiinga 2–1 til pause.

Litt flatterande for heimelaget som var nærare både 2–1 og 3–1 før Start-målet.

– I dag er det surt. Vi startar som planlagt, men slepper inn mål på personlege feil. Personlege feil er ein del av fotballen, men i dag var det ekstremt. Eg berre håpar feila kom samla og at det ikkje er ein trend, seier trenar Terje Rognsø.

Tek på seg skylda

Den elles så solide sisteskansen i Nicklas Frenderup tek på seg skylda for målet som truleg vart avgjerande. Spesielt den andre scoringa tykte han var bitter.

Og det i ein periode der Florø skapte sjansar på løpande band.

– Dei får frispark, eg klarer ikkje halde på ballen og dei rotar ballen inn. Det øydelegg kampen for oss. Hadde eg ikkje gjort den tabben på 2-1, så kunne det blitt annleis, seier Frenderup.

Fleire sjansar

Mounir Benmoussa trur han gir Florø 2-1

CHIP: Monir Benmoussa lobbar ballen over Håkon Opdal og startar jubelen for det han trur er 2–1 til Florø. Florø er eitt av dei mest ineffektive laga i 1. divisjon.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Som gjestene frå Start er Florø inne i ei lita spisskrise. Gjestene med berre nemnde Antwi som tilgjengelege reine spiss. Florø var utan Endre Kupen, som er lyskeskadd.

Monir Benmoussa ergra seg over fleire brende sjansar.

– Scoringa som vart avblåst for offside var eg 110 prosent sikker på var mål. Så hadde eg avslutning som vart redda på strek og ei heading som strauk utanfor, seier 23-åringen.

Start-trenar Steinar Pedersen var først og fremst nøgd med tre nye poeng, men vedgår at 4–1 ikkje gir rett bilete av kampen.

– Vi viser kvalitet når det gjelder, men Florø er eit bra lag og mange vil slite her, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..