Hopp til innhold

Det som blir laga i denne smelteomnen kan gi elbilar lengre rekkevidde

SVELGEN (NRK): Silisium i batteri på elbilar gjer at ein kan køyre opptil 15 mil lengre. – Det går føre seg ein liten revolusjon, seier NTNU-professor.

Elkem Bremanger

SILISIUM TIL BATTERI: Her i smelteomnen ved Elkem Bremanger blir det laga silisium, som mellom anna skal brukast til bilbatteri med lengre rekkevidde.

Foto: HÅVARD HEGGEN / NRK

– Det gir langt betre effekt enn batteri som i dag er på marknaden. Vi ser at ein elbil som har batteri med silisium vil gå mykje lengre, seier verksdirektør Arne Werge-Olsen.

I samarbeid med forskarar frå NTNU har dei funne ut at silisium i batteri kan auke effekten med minst 30 prosent.

Dermed kan stoffet frå smelteovnane i Bremanger få eit heilt nytt bruksområde i takt med jakta på utsleppsfrie bilar og båtar.

Arne Werge-Olsen, adm.dir. på Elkem Bremanger, er bekymra for den nye tariffordninga til Statnett.

STOR ETTERSPURNAD: Verksdirektør Arne Werge-Olsen opplever at det allereie er stor etterspurnad etter den nye teknologien.

Foto: Sigrid Sivertsen Haugan / NRK

Ein elbil som køyrer 50 mil på ei lading, kan køyre 15 mil lengre med det nye batteriet.

– Vi trur potensialet er stort, for etterspurnaden er allereie stor.

Utvikla av norske verksemder

I smelteomnane på Elkem Bremanger er temperaturen over 1800 grader.

Det blir produsert spesialisert silisium, som mellom anna blir brukt i dei fleste smarttelefonar og solceller.

Men eit nytt, stort bruksområde er batteriteknologi.

Forskingsprosjektet som no går mot slutten, har tidlegare vore omtalt ved fleire høve.

Det ein mellom anna har funne ut er at silisium har langt betre kapasitet enn grafitt, som blir brukt i dei fleste batteria i dag.

Prosjektleiar og professor Ann Marie Svensson ved NTNU seier det går føre seg ein liten revolusjon i bransjen - og viser til at silisium er eit lett materiale.

– I dagens elbilar er batteripakka veldig tung. Det er avgrensa kor mange kilometer ein kan køyre. Ein jobbar heile tida med å få vekta på batteriet ned.

Silisium

LETT MATERIALE: Silisium er eit lett materiale, som er viktig med tanke på å auke rekkevidden på batteriet.

Foto: HÅVARD HEGGEN / NRK

Ho seier potensialet til den nye batteritypen er stort.

– Vi har mange ferjer som brukar same type batteri, og det har byrja å kome i små fly. Etter kvart også i tog og bussar, seier Svensson.

Får fleire til å køyre elbil

Norsk elbilforening seier det er avgjerande at batteria får enda betre effekt dei næraste åra.

Unni Berge, Norsk elbilforening

REKKEVIDDE AVGJERANDE: Unni Berge i Norsk elbilforening seier manglande rekkevidde er ei viktig barriere mot å kjøpe elbil.

– Dette er veldig spanande forskingsresultat og batteriteknologien er i rivande utvikling, seier leiar i kommunikasjon og samfunnskontakt, Unni Berge.

Ho viser til at ein no får elbilar på marknaden med mykje lengre rekkevidde enn for 5 år sidan. Så langt i år er 43 prosent av nybilsalet i Noreg elektrisk.

Samstundes oppgir 21 prosent manglande rekkevidde som den viktigaste barrieren mot å kjøpe elbil, viser ei undersøking frå Nordisk elbilbarometer.

Korleis ein får meir straum ut av elbilen er eit jamleg tilbakevendande tema.

– Elbilar treng lengre rekkevidde og raskare lading. Dette er eit stort vekstområde. Det som no skjer i Noreg, er berre ein forsmak på det som skjer i resten av verda i løpet av få år, seier Berge.