Hopp til innhold

Det kan bli over 20 skulemodellar

Kva skular skal bestå, og kva skular skal få ha kva tilbod? Politikarane kan få over 20 moglege modellar på bordet etter at administrasjonen i fylkeskommunen har sett på konsekvensane av forskjellige kutt.

Planutvalet samla for å drøfte den vidaregåande skulen.

FÅR MANGE MODELLAR PÅ BORDET: Planutvalet har bestilt ei omfattande konsekvensutgreiing. Biletet er frå møtet i byrjinga av november då dei staka ut det vidare arbeidet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Skuledebatten har den siste månaden rasa i Sogn og Fjordane. At det må kuttast i den vidaregåande skulen er noko alle politikarane har måtte ta inn over seg, men kor skal det gjerast?

I heile dag har politikarane i planutvalet diskutert korleis dei skal jobbe vidare med den svært omdiskuterte skulebruksplanen. I dag bestemte dei seg for kva dei skal be administrasjonen sjå nærare på.

Fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim, fekk i dag oppgåva med å greie ut ei rekkje modellar. Ifølgje politikarane kan det bli snakk om over 20 modellar til saman.

– Det er ein vanskeleg jobb, men den er utruleg spennande. Dette er ei sak som betyr veldig mykje for fylket vårt, og då er vi heldige som får jobbe med det, seier Skaasheim.

Tvinga til å gjere grep

Dei komande åra kjem elevtalet i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane til å gå kraftig ned. I perioden 2012 til 2016 er det venta ein nedgang på 200–300 elevar. Fram til 2024 er nedgongen venta å vere mellom 400 og 600 elevar.

Fylkeskommunen ventar å få mellom 45 og 90 millionar kroner mindre til vidaregåande opplæring fram til 2024 – kutt i skulane er dermed noko som er tvingande nødvendig.

For nokre veker sidan kom rapporten som fylkespolitikarane har vente på. Konsulentselskapet Norconsult har sett nærare på den vidaregåande skulestrukturen i Sogn og Fjordane og presenterte tre ulike modellar for korleis å kutte.

Felles for alle dei tre modellane til Norconsult er at Luster, Høyanger og avdelinga i Mo og Jølster blir lagde ned. Frp har også lansert ein eigen skulemodell, men denne har politikarane i planutvalet allereie vraka.

Vil ha mediefag og idrett ved fleire skular

For tre veker sidan bestemte planutvalet seg for å jobbe vidare med dei tre modellane frå Norconsult, i tillegg til ein fjerde modell der ein skisserer korleis skule- og tilbodsstrukturen vil sjå ut i 2016/17 og 2024/25, utan endringar i organiseringa.

Då politikarane møttest i dag bestemte dei seg også for at dei ville sjå nærare på moglegheita for å ha studietilbod innan mediefag og idrettsfag i både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

I dei tre modellane frå Norconsult går ein inn for at mediefag og idrettsfag skal bli sentralisert til ein skule, nemleg Firda vidaregåande skule på Sandane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stryn vidaregåande skule

KAN MISTE IDRETTSFAG: Ved Stryn vidaregåande skule kan dei til dømes miste idrettsfag. Tarjei Bø og veslebroren Johannes Thingnes Bø er blant dei som har teke opp kampen for å behalde studietilbodet ved skulen i heimbygda.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eit enormt engasjement

NRK-reporter Eldgrim Fossheim var på møtet med politikarane i dag, og han fortel at politikarane verkeleg har fått merke engasjementet i denne saka.

– Politikarane fortalde at dei har blitt nedringde, og at det er engasjement frå heile fylket.

– Ein skulle tru at høyringa i saka allereie er starta, for dei får innspel frå alle kantar, seier Fossheim.

Engasjementet dreier seg i stor grad om studietilboda innan mediefag og idrett, og fleire har reagert kraftig på at desse er tenkt sentralisert til ein skule.

Vil ikkje talfeste kor mange modellar det blir

Politikarane har no altså gått inn for å sjå på om det kan vere slike studietilbod fleire stader.

Bekka Skaasheim

KREVJANDE: Fylkesdirektør Bekka Skaasheim og resten av administrasjonen har fått ei krevjande oppgåve med å sjå på kva dei forskjellige kutta vil medføre av konsekvensar.

Bekka Skaasheim som skal leie arbeidet med å sjå på konsekvensane av forskjellige kutt vil ikkje talfeste kor mange moglege modellar det vil bli til slutt.

– Vi veit at vi har eit oppdrag å greie ut skisserte modellane som er kalla modell 0, 1, 2 og 3. I tillegg skal vi sjå på seks ulike utdanningsprogram som i større grad skal spreiast i fylket, seier ho.

Desse seks er i tillegg til mediefag og idrett, studiespesialisering, restaurant og matfag, design og handverk og helse og oppvekst.

Planutvalet har frå før bede om utgreiing med tanke på økonomiske følgjer, personalmessige følgjer, følgjer for fagmiljø, læringsmiljø, yrkesretta utdanning og kvaliteten på opplæringa, samt følgjer for brukarane.

Konsekvensutgreiinga skal etter planen vere ferdig til 27. februar neste år. Deretter legg fylkesutvalet opp til ein høyringsrunde, som skal avsluttast i slutten av april. Saka skal slutthandsamast politisk i mai og juni neste år.