Hopp til innhold

Det blir skote stadig færre hjort i Norge

Berre 60 prosent av kvotane på hjortejakt blei fylt opp i fjor, og det er no ein merkbar nedgang i tal skotne dyr.

Hjortejakt i Norddalsfjorden

PÅ POST: Hjortejakt i Norddalsfjorden i Flora kommune. Sogn og Fjordane er det største hjortefylket.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

I fjor var det totalt sett høve til å skyte 54.000 hjort i Norge, medan det blei felt berre vel 33.700 dyr. Særleg i det største hjortefylket, Sogn og Fjordane, er nedgangen merkbar.

– Det er vanskeleg å peike ei enkel årsak eller ha nokon fasit på at fellingstala har gått ned. Men det vi skal hugse på er at vi har hatt veldig høge fellingstal og veldig stor og tett hjortebestand i ein del år. Det har vore auke i ein del år, og så ser vi no at den veksten har flata ut og tala har gått litt ned.

Det seier leiar i Norges jeger- og fiskarforbund i Sogn og Fjordane (NJFF), Alf Erik Rørvik, til NRK. Den svært erfarne jegeren meiner at det ikkje er grunn til å vere uroleg enda, men at ein er nøydde for å sjå på korleis dei store hjortestammane blir forvalta.

hjort 2

Vurdere kva slags dyr

– Nokon veldig uro trur eg ikkje vi treng å ha. Men nedgang er ein ny situasjon som vi ikkje har sett på mange år. Eg trur vi kanskje må ta litt andre forvaltningsmessige omsyn enn det ein gjorde før. Medan bestanden var i framgang var det ein takknemleg situasjon for jegerane, der ein kanskje ikkje sette så strenge krav til kva dyr ein tok ut tidlegare.

– Vil det seie at ein må endre i utvalet dyr som skal skytast?

– Dersom ein bestand er på veg ned og vi kanskje skal prøve på stabilisere den, så må ein bli enda meir medviten på kva dyr ein tek ut under jakta., Passe på at vi har ein god stamme av produksjonsdyr, då snakkar vi om vaksne hanndyr og hodyr som gjev ein god kapital i bestanden. Så kan ein heller ta ut ungdyr og kalv som vi kan kalle for rentene på kapitalen, seier Rørvik.

– Må ha kunnskap og kompetanse

I reine tal er hjortejakta den største årlege jakta i Norge. Det blir framleis skote meir hjort enn elg, sjølv om talet på elgjegerar er større enn hjortejegerar. Men Rørvik i NJFF meiner likevel at ein må følgje med framover for å sjå utviklinga.

– Det er viktig å sørge for at jegerane har kunnskap og at dei samarbeider godt med dei som har jaktrettane. Grunneigarar og jegerar må i lag sørge for ei god og kunnskapsbasert forvaltning framover for å sørge for at den gode ressursen vi har for jakt og kjøt også blir der i framtida.