Hopp til innhold

Sølvpila frå Sørlandet

Den 80 år gamle løvejegeren Jack Herlovsen har fått avføring tilsendt i posten. Likevel går han i krigen for at norske jegarar skal få gå til skogs med bogen over skuldra.

Jack Herlofsen

Jack Herlofsen saman med løva «Zimba» som han felte i Afrika. No vil han ha jakt med pil og boge lovleg også i Norge.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Han sit i godstolen i ei kjellarstove i Kristiansand. Rundt han heng utstoppa trofé frå ei lang jaktkarriere med pil og boge. Gnu, steinbukk og villsvin er berre nokre av dyra han har felt. I det eine hjørnet står det største, ei hannløve på fleire hundre kilo.

I gangen utanfor står ei kuduokse som er stor som ein elg.

– Alle dyra har blitt felt med ei pil, seier Herlofsen.

Debatten kring pil og boge har vore oppe ei rekkje gonger. I dag er det ulovleg å skyte dyr med pil og boge i Norge. Sterke røyster blant dyrevernarane har til no blitt høyrt.

– Mennesket har jo overlevd på grunn av pil og boge. Eg trur mykje dreier seg om gamle fordommar mot pil og boge. Fordom er den evna du har til å uttale deg om noko du ikkje har greie på, seier Herlofsen til NRK.

– Smertefri jaktmetode

Jack Herlofsen

Jack Herlofsen har skote ei rekkje dyr med pil og boge i Afrika.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Han vender blikket mot pilene som står på rekkje og rad på ein kommode. Pilene vekkjer minner. Dei er i alle fargar og har vore brukt på ei rekkje jaktturar i Afrika.

– Det er kanskje den mest smertefrie måten å avlive eit dyr på. Ei kule riv i stykke så mykje. Treff du eit dyr med ei pil er såret grodd igjen i løpet av ei veke, dersom du skulle vere så uheldig å skadeskyte. Det er eit reint kutt, seier han.

Etter fleire jaktturar med pil og boge på savanna i Afrika har han etablert kontakter. Ein vårdag i 2002 fekk han ein telefon frå Sør Afrika.

I den andre enden snakka ein lokal mann frå Oranjefristaten nord for Johannesburg. Han var uroa. Han fortalde at ei løve var i ferd med å bli for nærgåande. Dei frykta at løva skulle ta menneskeliv. Fellingsløyve var gitt og Jack takka ja og reiste nedover.

Skaut ti meter frå løva

Jaktlaget leita etter løva i fire-fem dagar i ein intens varme. Dei observerte løvespor fleire gonger, og dei la ut ein bukk som åte, men «Zimba», som den vart kalla var ikkje å sjå.

Etter mange sveittedråpar i varmen og intens leiting stod løva og såg på dei 150 meter borte på ei fjellhylle. Brått kom den mot dei. Bestemt, direkte og trugande. Dei kunne høyre at løva knurra mot dei. Hjartepumpa slo.

Jack snur seg. Ingen av jaktkameratane er å sjå.

– Eg forstod ingenting. Dei var ikkje der. Men dei dukka opp igjen etterkvart. Så trekte vi oss litt tilbake, seier han.

20 minutt seinare såg dei løva igjen. Jack visste at han måtte vere bestemt, elles kunne det gå gale. Heldigvis hadde han førebudd seg psykisk på akkurat denne augneblinken i fleire veker.

Jaktlaget, med Jack i spissen, sneik seg så nær løva dei kunne. Frå mellom ti og 15 meter spente han opp bogen og sikta. Han sleppte pila som gjekk i ein lynande fart mot dyret. Pila gjekk gjennom begge lunger, sneia hjartet og rett i motsett skulder. «Zimba» byks til og kom først mot dei. Så snudde den brått. Jack og resten av jaktlaget var letta.

– Hadde eg ikkje treft skuldra kunne dette ha gått verkeleg ille. Pila låste høgre labb, som er verkeleg farleg, seier Herlofsen.

(Saka held fram under videoen.)

Jack Herlofsen frå Kristiansand skaut ei løve med pil og boge i Afrika i 2002.

VIDEO: Sjå video frå fellinga av løva i 2002.

Fekk avføring i posten

– Hadde eg ikkje truffe reint hadde eg ikkje site her i dag. Ei såra løve er ei drapsmaskin, seier Herlofsen som har jobba som psykolog i ei årrekkje.

I dag står løva utstoppa i eit hjørnet i kjellarstova i Kristiansand. Hannløva ser skremmande ut der den står oppreist og «brølar» i rommet.

Løva til Jack Herlofsen

Løva Jack Herlofsen skaut i Afrika står utstoppa i stova hans.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er litt av eit dyr. Du ser på dei skarpe tennene. Hamnar du i kjeften på denne har du ikkje sjans, seier han.

Når han kom heimatt til Noreg vart han drapstruga. Han fekk tilsendt avføring i posten frå folk som ikkje likte løvejakta.

– Folk var så forbanna på meg her i Norge. I Afrika vart eg behandla på ein heilt annan måte. Til og med tollarane bar koffertane for meg. Dei ordna alt for meg. Dei behandla med som ein konge der nede. Dei var så glade for at løva var borte, seier han.

80-åringen bøyer seg fram og tek ein slurk av glaset sitt og tenkjer. Han er engasjert. Mykje av livet har dreia seg om jakt.

– Eg fekk fortalt ei historie frå ein mann i Afrika som hadde mista dottera og kona si etter eit løveangrep. Veit du kva han gjorde? Han smurte kroppane deira inn med gift. Når løva kom tilbake og åt kroppane døydde den. Han ville hemne seg. Det seier mykje om korleis det kan vere å ha løvane tett innpå seg, seier han.

Ifølgje Herlofsen vert cirka 100 menneske drepne i Afrika kvart år.

Sa nei til pil og boge i Noreg

I eit årrekkje har han, saman med fleire andre, kjempa for å legalisere jakt med pil og boge i Norge.

For kort tid sidan sa Forsøksdyrutvalet nei til å setje i gang eit prøveprosjekt med pil og boge som jaktvåpen. Miljødirektoratet hadde søkt om løyve til å gjennomføre eit slikt prosjekt på Norsk Hjortesenter på Svanøy i Flora kommune i Sogn og Fjordane.

Målet med forsøka var mellom anna å undersøkje kor lang tid det tok før dyret døydde, når det vart avliva med pil og boge samanlikna med rifle.

– Skjærer du deg på noko skarpt gjer det ikkje vondt. To av dyra eg har skote har byrja å ete etter at eg har skote dei. Så døyr dei i løpet av alt frå sju til 20 sekund. Du byrjar ikkje å ete dersom det gjer veldig vondt, seier Herlofsen.

Drepte kaniner som 6-åring

Herlofsen vaks opp under krigen og var tvinga til å ta livet av høner og kaninar for å skaffe mat i ei vanskeleg tid. Slik var det berre.

– Det var ikkje noko eg likte å gjere. Eg har veldig respekt for dyr, seier han.

Som 6-åring fekk han sitt første møte pil og boge. Heimespikka pil og boge. Han var frelst.

– Pila forsvann inn i solnedgangen. Det er eit godt barndomsminne, seier han.

– Det var utruleg å sjå krafta ei pil kunne få, seier Herlofsen.

Skarpare enn eit barberblad

Piler

Litt av pilsamlinga til Jack Herlofsen i Kristiansand. Pilene er sylskarpe og kan gå rett gjennom ein elefant.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Faren for skadeskyting vert ofte drege fram som eit av hovudargumenta mot jakt med pil og boge. Jack Herlofsen vrir seg i stolen og ser ned på det kvite teppet, som faktisk er skinnet til ein isbjørn.

– Du må så nær som 20 meter inn på dyret. Det er ikkje lett. Dette er med på å hindre skadeskyting. Du skyt ikkje når dyret er i fart eller om du er meir enn 30 meter ifrå, seier han.

80-åringen frå Sørlandet har aldri vore nokon tilhengar av jakt med skytevåpen.

– Ein føler ikkje den same gleda over at du verkeleg har overumpla eit dyr. Det blir meir nedslakting å gå rundt med eit gevær. Jakt med pil og boge er på dyra sine premiss. Dei er så nær at dei kan komme seg unna. Dei har ein sjans dersom jegeren gjer ein feil, seier han.

Herlofsen røyser seg og går mot ein benk lenger inne i rommet. Her står pilene på rekkje og rad i alle slags fargar. Han tek fram ei pil, snur og vender på den. Til slutt løftar han den og set ein finger på spissen.

– Den er skarpare enn eit barberblad. Den vert slipt med lær. Ei god pil går til og med gjennom ein elefant. Det er ei vanvittig kraft.

– Eg verken pissar eller et

På jakt i Afrika går han gjerne ut i fire-fem-tida om morgonen. Det er tropenatt og stjernehimmel. Store pinnsvin, grevlingar, froskar, grashopper og bavianar som ropar.

Med bogen på skuldra og nyslipte piler. Han finn ein passande stad. Her kan han sitje i timesvis. Heilt aleine. Det einaste han høyrer er vindsus og fuglar som kvitrar.

– Ikkje pissar eg. Ikkje et eg. Eg gjer ingenting. Eg sit heilt stille og pustar nesten ikkje, men auga og høyrselen jobbar for fullt. Det er fantastisk. Du kjenner korleis hjartet pumpar. Du kan til og med lukte når dyret kjem. Det er sabla tøffe greier, tilbake til urmennesket, seier han.

– Eg er eigentleg den siste som vil skyte eit dyr. Men det er ei spenning i det. Vi er jo jegrar, vi er jo rovmenneske. Det er ei merkeleg blanding. Hugs, jeger og fangst har vi hatt i over to millionar år, seier han.

Kritisk til pil og bogejakt

Siri Martinsen i Noah

Siri Martinsen i NOAH er særs kritisk til jakt med pil og boge.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

På andre sida kjempar dyrevernarane intenst mot pil og boge som jaktvåpen. Siri Martinsen er eit kjent ansikt bak organisasjonen NOAH, for dyr sine rettar.

– Det inneber ein større risiko for skadeskyting. Heile poenget med jakta er at den skal vere meir spennande fordi det er vanskelegare. Det handlar om at ein må tettare inn på dyra og då risikerer ein at jegrar skyt før dei skal. Det er vanskelegare å skyte igjen dersom ein skadeskyt, seier ho.

Siri Martinsen viser til fleire undersøkingar gjort i andre land. Ein forskingsrapport som vart lagt fram i 1995 viste at av 61 dyr som vart skote med pil og boge måtte det brukast sporhund for å finne att 67 prosent av dyra. 98 prosent av dyra vart funne att i løpet av 24 timar, men fleire av dei var framleis levande då dei vart funne.

– Ille nok det som skjer i jakta i dag

Ei undersøkjing gjort mellom 1989 og 2006 i USA viste at 18 prosent av dyra som vart skotne med pil og boge vart skadeskotne.

– Det er vanskelegare ettersøk og større risiko for skadeskyting. Det er fakta i denne saka. Heile poenget er at risikoen samla sett er større. Det kan ein faktisk ikkje argumentere imot, seier Martinsen.

– Det handlar om å ikkje legge til ein tilleggsrisiko til jaktformene vi allereie har. Det er ille nok det som skjer i jakta i dag. Det er nok skadeskyting og problem å ta tak i. Vi har god kontakt med bueskyttarar som ikkje driv jakt. Dei meiner det er ein ok hobby å drive med, men dei meiner at det ikkje er eit våpen som har noko som helst å gjere i jaktsamanheng, seier ho.

Pil og boge

Pil og boge er omstridd som jaktvåpen. Her ser du den eine bogen til Jack Herlofsen. Det var denne han brukte då han skaut løva.

Foto: Sander Heggheim/NRK

NRK har vore i kontakt med Norges Bueskytterforbund som ikkje vil uttale seg i saka. Dei vil verken stadfeste eller avkrefte at dei er kritiske til pil- og boge som jaktvåpen.

Derimot snakkar Norges Buejegerforbund med sine nesten 800 medlemmer gladeleg om denne forma for jakt. På ei skurrete telefonlinje høyrer ein tydeleg at leiar Jan Sivert Hauglid er irritert på NOAH.

– NOAH kjempar jo mot alt som har med dyr å gjere. Hadde eg ikkje hatt trua på at vi kan få dette gjennom hadde eg gitt opp for lenge sidan, seier han.

– Eit av argumenta som vert brukt er at vi er få som driv med pil og boge-jakt, men eg kan love deg at det talet vil auke betrakteleg den dagen det vert lovleg. Det er utruleg bra at vi er nesten 800 medlemmer i dag, seier han.

Vil aldri skyte løve igjen

Jack Herlofsen

Jack Herlofsen på løvejakt i 2002.

Foto: nyhetsspiller

Tilbake i kjellarstova i Kristiansand sit 80 år gamle Jack Herlofsen og ser tilbake på eit lang jaktkarriere.

Han ser sjølvsagt fleire argument for jakt med pil og boge enn imot.

– Tenk deg harebestanden på ein kyrkjegard. Eller rådyr for den del. I Finland vert bogeskyttarar hyra inn for å ta livet av dei. Dei et blomstrar og øydelegg graver. Å avlive eit dyr med pil og boge er lydfritt, du slepp bråket, seier han.

– Kjem du til å reise til Afrika på jakt igjen?

– Ja, det gjer eg nok. Men løvejakt er eg ferdig med, ler han.

– Berre det å reise ned å sjå dyra er nok for meg no. Det er ei fantastisk oppleving å berre vere der. Så er det for få løvar. Dei siste ti åra er 80 prosent av dei ville løvane borte fordi mennesket her teke territorie deira, seier han.

Reportasjer om Jack Herlofsen fra Kristiansand som skjøt en løve i Afrika i 2002.

VIDEO: Se flere reportasjer om Jack Herlofsen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %