Hopp til innhold

Design-linja hamnar truleg på Eid vgs

Det verkar å vere semje blant fylkestingsmedlemme om at opplæringstilboda ved den Mo ikkje vert flytta samla til Førde.

Diskusjon i opplæringsutvalet
Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Fylkestinget opnar i føremiddag, men fylkestingsmedlemmene kom saman til drøftingar i partigruppene allereie i går kveld.

Ifølgje Firda ser det før dei avsluttande drøftingane ut til å vere etablert ei raudgrøn semje mellom Ap, Sp og SV om å flytte studiespesialisering med formgjevingsfag frå Vassenden til Hafstad vidaregåande skule, saman med media/kommunikasjon.

Diskuterer byte

Men trass i at Vassenden-miljøet har signalisert at dei ønskjer design og handverk flytta til Førde, vert dette i staden lagt til Eid vgs. som fylkesdekkjande tilbod.

Jenny Følling som er gruppeleiar i Sp, stadfestar dette ovanfor Firda.

– Slik eg har oppfatta det, har formgjevingsfaget vore viktigast å leggje til Førde, dersom tilboda på Vassenden først måtte splittast opp, seier Følling til avisa.

Byte reiseliv mot transport

Det blir også diskutert eit byte mellom Førde og Florø der Ørane vidaregåande får inn vg2 data/elektronikk, mot at Florø vgs. får vg2 sal, service og tryggleik.

I Sogndal, skal det ifølgje Firda, vere aktuelt å ta ut tilbodet i vg2 reiseliv og ta inn eit tilbod i transport i staden.