Hopp til innhold

Denne populære ordføraren får du aldri sjå i ei «blåskjorte»

Når politikarkollegaane kler seg i klassiske «blåskjorter», stiller landets mest populære ordførar helst i ein fargesprakande kreasjon.

FARGERIK FYR: Alfred Bjørlo syns ikkje noko om å skulle gå kledd i einsfarga blå skjorte.

– At nokon har bestemt at ein skal kle seg i slike blåtonar når ein er mann i eit seriøst yrke syns eg er så tøvete at det vil eg ikkje, seier Bjørlo til NRK.

Ordførar i Eid og snart ordførar i den nye storkommunen Stad, Alfred Bjørlo, vart nyleg kåra til årets kommuneprofil i Noreg, med heile 34 prosent av stemmene.

Vil ikkje vere kjedeleg

Som radiogjest kom landets mest populære lokalpolitikar med ei avsløring litt utanom det vanlege.

Menn er ofte forferdeleg kjedelege i klesvegen og eg har gjort det til eit prinsipp at eg aldri går med noko blått på meg.

Dette forklarar han med at alt for mange av herreskjortene i butikkane er i blånyansar.

Og det er så gudsjammerleg kjedeleg at ein skal gå rundt og vere kledd likt, så eg har valt å bryte heilt med det og går med blomstrete og fargesprakande skjorter.

Han innrømmer også at det ikkje er alltid det treff like godt.

Juleskjorta er klar

For anledninga hadde politikaren kledd seg opp i ei av dei fargesprakande skjortene sine med eit passande tema.

Eg har på den nye juleskjorta mi med nissar, julelys og julepynt.

Når programleiar Erlend Oldeide spør om han sjølv syns skjorta er fin, innrømmer Bjørlo at det ikkje er eit lett spørsmål å svare på.

– Den er i alle fall julete. Det er ei skjorte ein kan bruke berre ein månad i året, svarar Bjørlo lattermildt.

Journalist og skribent for Min Mote, Sverre Norberg-Schulz Hagen, meiner folk ikkje ser på blå skjorte som direktøraktig lengre.

– Men eg syns det er morosamt med folk som tør å bryte konvensjonar og leike seg med fargar og mønster.

Laga eigen genser

At Bjørlo kan vere kreativ i klesvegen fekk store oppslag i nasjonale medium i januar i år.

Då melde VG at han i interne møter vart kalla ein «distriktspsykopat» av venstreleiar Trine Skei Grande.

Då fekk han like så godt laga ein eigen genser med kallenamnet påtrykt som ein emneknagg.

Alfred Bjørlo med distriktspsykopat-genser

KLAR BODSKAP: Venstreleiar Trine Skei Grande tykte distriktsmaset til Bjørlo blei i meste laget. Då svara han med heimelaga genser.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK