Jobben hennar er å dele eigne sjukdomserfaringar

FLORØ (NRK): Christina Stæger-Breisnes lever med smerter heile døgnet. Ho deler sine sjukdomserfaringar på Helse Førde sin smertepoliklinikk i Florø.

Christina Stæger-Breisnes

LIKEPERSON: Christina Stæger-Breisnes møter pasientar med kroniske smerter i rolla som likeperson.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Folk er heilt klart meir opne og ærlege i møte med nokon som har erfart det same, seier Christina Stæger-Breisnes, som brukar sjukdommen sin aktivt til å hjelpe andre.

Stæger-Breisnes lever med sjukdommen CRPS – komplekst regionalt smertesyndrom.

– Fleire smertelegar kallar CRPS for den verste smertesjukdommen vi har. På folkemunne kallast den for «sjølvmordssjukdommen» Det er ganske heftig, fortel ho.

Smertepoliklinikken til Helse Førde er lokalisert i Florø. Eit tverrprofesjonelt team tek i mot pasientar med ulike sjukdommar. Stæger-Breisnes jobbar som likeperson på klinikken saman med overlege, fysioterapeut, psykolog og sjukepleiar.

Ein likeperson er eit menneske som bruker si livserfaring til å hjelpe medmenneske i ein tilsvarande situasjon. Ein som kan dele kunnskap og råd om å meistre.

– Likepersonsrolla starta eigentleg opp i pasientorganisasjonane. Der skulle du ha ein som hadde vore gjennom det same og kunne vere ein støtteperson, seier Stæger-Breisnes.

Lever med konstante smerter

I september 2011 var Stæger-Breisnes ute i hagen med borna, då ho trakka feil på ei helle. Smertene var intense og foten hovna opp.

– Eg reiv hovudnerven i ankelen. Den er eigentleg bra igjen, men hjernen oppfattar framleis at den er reven, så eg går med den smerta heile tida, seier Stæger-Breisnes.

I dag lever ho med ein svært overfølsam fot. Ho har ikkje hatt sokk eller dyne på foten i løpet av desse åra. Det er for smertefullt.

Christina Stæger-Breisnes

KRONISKE SMERTER: Mesteparten av tida må Christina Stæger-Breisnes sitte i rullestol.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Det hender at eg ikkje kan gå på jobb, men eg prøver å vere fleksibel. Eg vil gjerne vere der heile tida, fortel ho og legg til at dei fleste med hennar sjukdom ikkje er i arbeid.

Stæger-Breisnes har hatt periodar der ho ikkje ville stå opp om morgonen.

– Grunnen til at dette blir kalla «sjølvmordssjukdommen» er at ein nesten ikkje orkar å leve med den, seier ho og vedgår at ho har hatt sjølvmordstankar.

Integrering av likeperson

Helse Førde starta opp smertepoliklinikken i Florø for to år sidan. Stæger-Breisnes vart i utgangspunktet tilsett som sosionom og familieterapeut.

– På grunn av gode erfaringar med likepersonsarbeidet vel vi no å setje større fokus på den rolla, fortel Stæger-Breisnes.

– Kva kan likepersonar hjelpe pasientar med som helsepersonell gjerne ikkje kan?

– Alt i frå korleis ein kan leve med sjukdommen til teknikkar eg brukar. Det handlar om å finne måtar å takle kvardagen på, seier ho.

Først møter pasienten heile teamet i ein halvtime. Då slepp pasienten å fortelje historia si fleire gonger, for det kan vere ganske belastande, ifølge Stæger-Breisnes.

– Vi sit med ulike «hattar» på. Alle har forskjellige tankar om kva som blir viktig og kva vi vil spørje om når vi møter pasienten aleine, fortel ho.

Lovord frå helseministeren

Helseminister Bent Høie (H) besøkte smertepoliklinikken i september 2017, same året som klinikken opna.

Helseminister Bent Høie på besøk hos Helse Førde

STORFINT BESØK: Helseminister Bent Høie (H) meiner fleire smertepoliklinkkar burde la seg inspirere av arbeidet ved smertepoliklinikken i Florø. Her er han i samtale med Christina Stæger-Breisnes og Are Mikael Lillebø i Helse Førde.

Foto: Linda Regina Bruvik / Firdaposten

– Høie seier at du ikkje skal spørje pasientane «Kva feilar det deg?» men «Kva er viktig for deg?» fortel Stæger-Breisnes. Helseministeren var imponert over arbeidet til Helse Førde.

– Kvifor skilde de dykk ut?

– Det var likepersonsrolla. Helse Førde våga å tilsette nokon i denne stillinga, sjølv om eg er ustabil arbeidskraft. Min arbeidsgjevar ynskjer å tilretteleggje, og det er eg svært takknemleg for, seier ho.

Seksjonsleiar Are Mikael Lillebø og avdelingssjef Stig Igland i Helse Førde er glad for at dei satsa på å tilsette Stæger-Breisnes.

– Vi er dei einaste i landet som har tilsett likeperson som fullverdig medlem på den tverrfaglege smertepoliklinikken. Helseministeren uttalte ved sitt besøk at dette burde bli ein nasjonal modell for smertepoliklinikkar, ifølge Igland.

– Rolla som likeperson ga ein ny dimensjon. Dei har er ei anna erfaring, og gir oss betre møter med pasientar i vanskelege livssituasjonar, seier Lillebø.

– Tek tid å bygge ein relasjon

Psykolog og kollega Maximillian Philip David Bader Hansen ser den gode effekten likepersonsrolla har for samarbeidet på smertepoliklinikken.

– Vi opplever ofte at pasienten identifiserer seg med Christina med ein gong, sjølv om nokon andre leiar møtet. Det blir ein samtale mellom dei to, fortel han.

Maximillian Philip David Bader Hansen

GODT SAMARBEID: Psykolog Maximillian Philip David Bader Hansen likar måten dei tilsette ved smertepoliklinikken samarbeider på i møte med pasientar.

Foto: Marita Solheim / NRK

Hansen meiner likepersonen og pasienten lettare finn ein relasjon.

– Pasienten møter nokon som forstår og som dei kan relatere seg til. Dei er litt meir på bølgjelengd, seier han.

Kjem du like tett innpå pasientane når det er ein likeperson med i teamet?

– Ja, det er ikkje noko problem. Christina er ein lagspelar. Det er fint om ein av oss får ein fot inn, som kan hjelpe teamet og bygge kredibilitet. Det er akkurat som andre gonger du møter nye menneske. Det tek tid å bygge ein relasjon, avsluttar psykologen.