Hopp til innhold

Dei kjempar mot vindmøller på ein av landets mest forblåste stader

STADLANDET (NRK): Få stader i Noreg ligg betre til rette for vindkraft enn på det forblåste Stadlandet. Men no stormar det rundt dei planlagde vindmøllene.

Bård Fløde og Torkjell Djupedal, vindkraftmotstand Stad

INITIATIVTAKARAR: På kort tid har Facebook-gruppa Bård Fløde og Torkjell Djupedal (t.h.) starta i protest mot vindkraft på Stad, fått nær tusen medlemmer. Det er fjellområdet i bakgrunnen Okla vindkraftverk skal byggast på.

Foto: Benedikte Grov / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Sjølv ein sommardag bles det godt på Stadplatået i Selje kommune. Bård Fløde ser utover eit kystlandskap og turterreng han er glad i. I dette området skal Okla vindkraftverk med fem vindturbinar byggjast. Men no strøymer folk til gruppa «Nei til vindmøller på Stad», og ordføraren veit ikkje om han ville sagt ja til vindkraft i dag.

– Eg vil få direkte vondt når eg skal opp og sjå dette. Eg er usikker på mi framtid med turopplevingar på Stadhalvøya, seier Bård Fløde.

Saman med Torkjell Djupedal håpar han no å setje ein stoggar for planane. 13. juli blei Facebook-gruppa «Nei til vindmøller på Stad!» oppretta, noko Fjordenes Tidende først omtala. No nærmar gruppa seg tusen medlemmer.

– Folk har begynt å skjønne kva som skjer. Dei ser plassane som er bygde ut, og kor øydeleggande det er. Og dei ser mangelen på fordelar for lokalsamfunnet, seier Fløde.

Vindkraftmotstandarane peiker på kor viktig urørt natur er for rekreasjon og helse, og viser også til FN-rapporten om tap av natur. Eit sårbart fugleliv vil òg bli råka av vindkraftutbygginga, fryktar dei.

Det var tilbake i 2013 NVE gav konsesjon til utbygginga på Stad.

– Kvifor kjem denne motstanden først no?

– Det kjem som ein del av folkeopprøret langs kysten. Vi ser at mange bryr seg om å stogge dette, sjansen for å stogge det er større i dag, seier Fløde.

Større fordelar enn ulemper

Det er selskapet Falck Renewables Vind AS som byggjer ut på Stad. Selskapet er eigd av italenskbaserte Falck Renewables AS og SFE Produksjon. Vestavind Energi er inne som konsulentar i arbeidet. Dagleg leiar Stig Svalheim trur den auka motstanden mot vindkraft i Noreg kjem i kjølvatnet av rammeplanen der NVE og Miljødirektoratet blinka ut eigna område for vindkraft framover.

Stadlandet

FEM VINDMØLLER SKAL BYGGJAST: Det er fjellområdet i bakgrunnen (midt i biletet) Okla vindkraftverk skal byggast på. Dei fem vindmøllene skal produsere 75 millionar kwh timar årleg.Vindturbinane har 117 meter rotordiameter på 90 meter høge tårn, totalhøgda blir 148,5 meter.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Så har folk gjerne sett nærare på prosjekt som alt har fått konsesjon, og der kjem Okla inn i bildet, seier han.

Svalheim trur mange i Noreg som tidlegare ikkje har hatt mange meiningar om vindkraft, har late seg påverke av negativ omtale.

– Eg ser også at forkjemparane har lege lågt i det siste. Det er valår og enkelte politikarar er kanskje litt forsiktige med stikke hovudet fram og fronte vindkraftsaka. Derfor får motstandarane mykje spelerom.

– Motstandarane er redde for at prosjektet på Stad vil øydelegge kystlandskapet. Har dei rett i det?

– Det får styresmaktene avgjere. Det har dei gjort ved at det er søkt og gitt konsesjon. Den har blitt påklaga, og i høgste instans i Olje- og energidepartementet er det gitt endeleg konsesjon. Dei meiner det er større fordelar enn ulemper.

Stig Svalheim i Vestavind kraft

FORDELAR: Stig Svalheim i Vestavind Energi meiner prosjektet har fordelar for lokalsamfunnet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Utbyggjarane er klare for byggestart i slutten av august. Planen er å ha vindmøllene i drift hausten 2020.

– Har prosjektet fordelar for lokalsamfunnet?

– Betydelege fordelar. Kommunen får inntekter gjennom eigedomsskatt, grunneigarane får inntekter, og det blir veg til platået som kjem til nytte. I anleggsfasen og driftsfasen vil der vere oppgåver for lokale leverandørar. Det vil skape ein god del næringsimpulsar og utviklingsmoglegheiter.

150 000 med i Facebook-grupper

Det er i dag 36 vindkraftverk i Noreg, men talet vil truleg nærme seg 70 om få år. I Frøya kommune har slike vindkraftplanar ført til ein eskalerande konflikt mellom kommune og utbyggjar.

Ifølgje ei oversikt Klassekampen har laga, har no 50 Facebook-grupper mot vindkraft rundt 150 000 medlemmer. Tysdag melde avisa at Jeger- og fiskarforbundet, Turistforeningen og Naturvern­forbundet vil ha ny handsaming av alle vindkraftkonsesjonar der utbygginga ikkje er starta. Medlemmene i Facebook-gruppa «Nei til vindmøller på Stad» står ikkje aleine

Hadde helt mot nei

Fløde og Djupedal var også engasjert den gong Hoddevikfjellet i Selje var foreslått utbygd for vindkraft. Den gong sa Selje kommunestyre ja, men departementet nei. Kommunestyret gjekk difor inn for å sjå på andre alternativ. Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) sat ikkje i kommunestyret den gong, men vedgår at han er usikker på om same vedtak hadde vorte gjort i dag.

– Eg hadde kanskje helt mot nei no, men eg har eit kommunestyrevedtak å ta omsyn til og det jobbar eg for. Men korleis dei andre partia stiller seg, er eg per no usikker på.

Selje-ordførar Stein Robert Osdal

VIL IKKJE HA FLEIRE PARKAR: Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) ønskjer ikkje fleire vindparkar enn Okla i kommunen: – Stadhalvøya er eit spesielt landskap og eg trur ikkje det toler veldig mykje meir enn det vi får ved Okla vindkraft, seier han.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Også han meiner haldningane til vindkraft har endra seg.

– Fokuset på landskapsvern har vorte mykje større dei seinare åra, folk ønskjer ikkje dei store utbyggingane lenger. Men her er det store dilemmaet, for vi må ha fornybar energi.

Osdal står ikkje på val når kommunestyret for nye Stad kommune, der Selje og Eid blir slått saman, skal veljast til hausten. Men Fløde og Djupedal vil ha politikarane på bana og saka inn regjeringsapparatet.

– Dette må til topps for å bli stogga. Det går an å snu i tide, seier Djupedal.