Hopp til innhold

Datatrøbbel for politiet: – Vi har vore heldige, seier fagforeiningsleiar

I elleve timar var politiet i heile landet avhengige av penn og papir då alle datasystema deira krasja. Politidirektoratet innrømmer at slik skal det ikkje vere.

Sigve Bolstad i Politiets fellesforbund

KRITISK: - Dess lenger tid som går, dess meir alvorleg er det, seier leiar i Politiets fellesforbund, Sigve Bolstad. Heile datanettverket til politiet knela måndag ettermiddag og var vekke i elleve timar.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

– Det skjer med jamne mellomrom. Elleve timar er veldig lenge, og vi skal prise oss lukkelege om det syner seg at det ikkje har fått større konsekvensar, seier leiar i Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad.

I nær eit halvt døgn måtte politifolk i heile landet ty til penn og papir for å halde oversikt over hendingar og meldingar som kom inn på telefon eller samband. Ein teknisk feil sette alle datasystem ut av spel. Dermed kunne dei som sat på operasjonssentralen ikkje sjå kvar patruljane var, eller sjekke opp mistenkte i systema.

– I verste fall mister vi oversikta. Mistenkte personar kan gå fri, fordi vi ikkje får sjekka dei opp om vi møter dei på gata, leilegheiter elle liknande, seier Bolstad.

Ved operasjonssentralen i Florø kryssa dei tilsette fingrane for at det ikkje skulle skje store hendingar i distriktet.

Ole Tom Nord, operasjonsleiar i Florø

I SVART: Ole Tom Nord og dei andre operasjonsleiaren rundt om i landet måtte klare seg med penn og papir frå måndag ettermiddag og utover natta. No skal Politidirektoratet undersøkje nærare kva som skapte trøbbel.

Foto: Privat

– Det var roleg måndag ettermiddag og i natt, så vi var heldige på den måten, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Inge Værøy til NRK tysdag morgon.

I Florø er han klar på at datasystema er særs viktige for å utnytte ressursane optimalt og få oversikt over situasjonar.

– Det blir meir hektisk og ein vanskeleg arbeidskvardag når større hendingar som skjer og ein ikkje har dei hjelpemidla som trengst, seier Værøy.

Ikkje godt nok

Systema kom på plass frå midnatt og utover natta. Program som operasjonssentralen og grensekontrollane er avhengige av vart prioritert først. Politidirektoratet har ansvar for datasystema, og skal bruke dagen til å undersøkje nærare kva som gjekk gale.

– Det vi har kartlagt så langt er ein teknisk feil, med ei hending på noko sentralt nettverksutstyr. Vi må grave meir og finne nøyaktig årsak, seier seksjonssjef i Politidirektoratet, Asbjørn Rønnestad.

Ut ifrå det dei veit no er det ingenting som tyder på at politiet er utsett for eit åtak utanfrå. Rønnestad er tydeleg på at det som skjedde ikkje skal skje.

– Det er ikkje bra, absolutt ikkje. Reservesystema er ikkje god nok heller. Vi må finne ut av kva som har skjedd, og få korrigert dette.

Leiaren for politiets fellesforbund seier det ikkje er første gong datasystema blir råka av alvorlege feil.

– Det er direkte flaut, og hindrar profesjonell handtering av sakene frå ein viktig naudetat. Dette er det motsette av profesjonelt. Eg har fått ei rekkje meldingar der folk er sjokka over at vi ikkje er komne lenger, seier Bolstad.

– Skal ikkje skje

IKT-direktør i Politidirektoratet, Cato Rindal, seier at dei no skal prøve å finne årsaka til at dette kunne skje.

– Lat meg vere tydeleg på at dette i utgangspunktet ikkje skal kunne skje. Det er av og til ting som skjer med tekniske løysingar, det kan bli problem med komponenta vi har. I dette tilfellet ser det for at det har vore eit straumbrot som har forårsaka tekniske feil på nettverksutstyr, seier Rindal.

Han peikar på at dei har gode, manuelle rutinar som gjer at dei likevel kan levere dei tenestene dei skal til publikum.