Hopp til innhold

Ein dag prega av sorg, glede og kampvilje

16. mai blei ein dag prega av sterke kjensler for mange elevar i Sogn og Fjordane.

Valgjerd Arstein, Signe Bjorøy og Amanda Strandos

LETTA: Elevrådsleiar Valgjerd Arstein, Signe Bjorøy og Amanda Strandos er glade for at Dale vidaregåande skule ikkje står på kuttlista til fylkesrådmannen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Jubelen stod i taket i Dale, medan tårene trilla ved Høyanger og Stryn vidaregåande skular.

Ei av dei som kunne juble i dag var elevrådsleiar Valgjerd Arstein ved Dale vidaregåande skule.

– Eg er kjempenøgd og tykkjer dette er veldig positivt. Dette gjer noko for heile regionen og samfunnet. Eg er sjølv frå Solund og er glad for at eg går på skule i Dale. Den er liten, men vi har eit veldig bra miljø her.

– Var du spent før møtet i dag?

– Ja, eg var veldig spent. No er glad på våre vegner, men tykkjer det er synd for dei som ikkje har fått same beskjed som oss, seier elevrådsleiaren.

(Artikkelen held fram under videoen)

I dag fekk elevar ved dei vidaregåande skulane i Luster, Stryn og Høyanger beskjed om at fylkesrådmannen vil leggje skulane ned. I Høyanger blei meldinga møtt med både sorg og kampvilje..

SJÅ TV-SAKA: I dag fekk elevar ved dei vidaregåande skulane i Luster, Stryn og Høyanger beskjed om at fylkesrådmannen vil leggje skulane ned.

Vil leggje ned tre skular

Torsdag føremiddag la fylkesrådmannen Tore Eriksen fram sitt forslag til politikarane om å leggje ned dei vidaregåande skulane Luster, Høyanger og Stryn.

I tillegg er det føreslege å leggje ned avdelinga i Jølster, seie opp Hordalandsavtalen og flytte linjer mellom skulane som skal få leve vidare.

Rektor Gro Fivelstad ved Dale vidaregåande skule er glad for beskjeden om at fylkesrådmannen vil at skulen får leve vidare.

– Vi er sjølvsagt glade for at vi førebels ser ut til består og kan gå inn i framtida med nye moglegheiter. Men vi må hugse på at ingenting er endeleg avgjort. Vi veit ikkje sikkert før 12. juni korleis det blir. Men eg trur alle i dei vidaregåande skulane har kjent på uvissa og den er slitsam. Det er bra vi har kome eit steg vidare, seier ho.

Letta og glad

Arve Helle

LETTA: Fjaler-ordførar Arve Helle kunne i dag puste letta ut, men bur seg på kamp for skulen sin.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fjaler-ordførar Arve Helle er både letta og glad, men understrekar at ingenting er endeleg avgjort. Han trur skulen er inne fordi dette er den einaste vidaregåande skulen i HAFS-regionen.

– No er det politisk handsaming og vi er nøydde til å vere på hogget. Eg vil også understreka at eg har stor sympati med dei av mine kollegaer som ikkje har fått same meldinga. No blir det ein politisk kamp, men eg har stor tru på at vi skal halde den posisjonen vi har no.

– Trist dag for Høyanger

Medan tilsette, elevar og ordførar jublar i Fjaler, var stemninga ei heilt anna i Stryn og i Høyanger. Ved Høyanger vidaregåande skulen blei meldinga møtt med både sorg og kampvilje.

Elevrådsleiar Mira Nese klarte ikkje halde tårene tilbake og seier det ikkje er mykje igjen av Høyanger om skulen blir lagt ned.

– Det er mange som ikkje vil flytte til ein stad der det ikkje er vidaregåande opplæring. Eg tykkjer dette er trist, for vi har jobba såpass hardt for denne saka.

Ein tung dag

Også i Stryn blei melding møtt med sjokk og vantru. Elevane alma Marie Krog Berstad og Ingrid Kvåle Faleide blei mållause då Stryn stod på kuttlista.

– Eg har ikkje ord. Eg skal på utvekslings til USA neste skuleår. Når eg kjem tilbake, er det ikkje sikkert det er vidaregåande skule i Stryn.

– Eg tykkjer det er sjukt at skulen kanskje blir lagt ned. Det er trist om vi blir splitta dersom nokon må til Eid og andre til Sandane. Kva er Stryn utan ein vidaregåande skule? Dette er ein tung dag.

Meiner prinsipp og kjepphestar må leggjast vekk

Norvall Nøringset

KREV RETT FOKUS: Norvall Nøringset i opplæringsutvalet seier elevane er viktigast.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Det er fylkestinget som skal ta endeleg stilling til framtida for skulane på fylkestinget 11. og 12. juni.

Leiar for opplæringsutvalet, Norvall Nøringset, seier det er viktig å leggje vekk politiske kjepphestar og finn løysingar som er til det beste for alle vidaregåande elevar i Sogn og Fjordane.

– Vi må leggje vekk kjepphestar og prinsipp. No er det elevane som skal vere i fokus, seier han.

Han seier at det verste som no kan skje, er at enkelte no byrjar å tenke taktisk for eigen del med tanke på Stortingsvalet til hausten.

– Tenkjer folk val og strategi for si eiga del, så gjer dei eit overgrep mot elevane. Det er dei som er i fokus, ikkje stortingsplassane til hausten, seier Nøringset.