Hopp til innhold

Flyttar om skulen blir lagt ned

Hege Rusti og familien kjenner seg tvinga til å flytte frå Høyanger om skulen blir lagt ned. – Kva anna skal eg gjere, seier ho oppgitt.

Hege Rusti i Høyanger er djupt skuffa over at fylkesrådmannen vil leggje ned den vidaregåande skulen i kommunen. - Vi må flytte, seier ho.

VIL FLYTTE: Hege Rusti kjenner seg tvinga til å flytte frå Høyanger om den vidaregåande skulen blir lagt ned.

Ho har jobba som lærar ved Høyanger vidaregåande skule sidan 1995, men no ser det mørkt ut for nye år, skriv Firda.no.

Høyanger vidaregåande skule er ein av tre skular i Sogn og Fjordane som er føreslått nedlagde allereie frå hausten 2014. Rusti er frustrert og oppgitt.

– Dette er veldig skuffande. For meg personleg har det store konsekvensar.

– Eg har ein son med cerebral parese, som ikkje kan pendle tre timar om dagen eller flytte på hybel. Konsekvensen er at vi må flytte, seier ho til NRK.no.

– Har tenkt på dette lenge

Mange i Sogn og Fjordane er skuffa etter at fylkesrådmannen la fram forslaget på korleis dei vidaregåande skulane skal vere i framtida. Mindre pengar og færre elevar betyr at det må gjerast grep, og råda frå administrasjonen er å leggje ned tre skular. Høyanger, Luster og Stryn vidaregåande skule kan forsvinne om politikarane følgjer innstillinga.

Hege Rusti kom heim til Høyanger då ho var ferdig utdanna som lærar, og har jobba ved skulen i snart 20 år. Sidan diskusjonen om kva skular som kan bli kutta starta har det vore klart at Høyanger er blant dei som er mest utsette. Og no er den altså på kuttlista til fylkesrådmannen.

Læraren føler ikkje ho har anna vel enn å flytte frå bygda.

– Eg har tenkt på dette lenge, heilt sidan dei første rapportane kom. Eg har bestemt meg for å seie opp jobben min, seier Rusti.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elevar ved Høyanger vidaregåande skule

SKUFFA: Elevane ved Høyanger vidaregåande skule var tydeleg skuffa over at skulen deira kan bli historie allereie neste haust.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

Alt håp er ikkje ute

Ho er ferdig med ein mastergrad i norsk til våren, og trur ikkje det blir vanskeleg å få jobb andre plassar. Men å flytte frå heimbygda er uansett inga lett avgjerd.

– Dette er ikkje noko eg har lyst til, men eg må ta omsyn til familien, og spesielt barna, seier ho.

Det er politikarane som skal bestemme endeleg korleis den vidaregåande skulestrukturen skal vere i framtida. Rusti har enno håp.

– Eg set min lit til politikarane!