Nedleggingsforslag var ikkje uventa

Ved Luster vidaregåande skule er stemninga fatta. Rektor Bergljot Buskaker seier det ikkje kom som noko overrasking at skulen er føreslått nedlagt.

Luster vidaregåande skule på Hafslo

SISTE ÅRET: Neste skuleår kan bli det siste for tilsette og elevar ved Luster vidaregåande. Som ein av tre skular er den føreslått nedlagt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Tilrådinga kjem ikkje som noko overrasking på oss. Det har lege i korta heile tida at Luster er utsett, så dette er ikkje noko stort sjokk, seier rektoren til NRK.no.

Om fylkespolitikarane følgjer rådet frå administrasjonen blir den vidaregåande skulen i Luster historie allereie frå hausten av. Stryn og Høyanger vidaregåande skule kan lide same skjebne.

Var samde om å ofre skulen

Kva vidaregåande skular ein skal ha i Sogn og Fjordane i framtida har vore eit sentralt spørsmål i fjordfylket dei siste månadene. Debatten har rasa, og frå alle kantar har innbyggjarar, elevar, tilsette, næringsliv og politikarar kjempa for sine skular.

Luster vidaregåande skule er den minste av dei 13 vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane, og var føreslått nedlagt i alle modellane fylkeskommunen fekk på bordet.

Etter ein lang prosess gjekk kommunane i Indre Sogn for vel ein månad sidan inn for å ofre skulen. Dette gjorde dei for å få behalde resten av det vidaregåande skuletilbodet i regionen.

Når fylkesrådmann Tore Eriksen i dag la fram innstillinga til politikarane, var det dermed ikkje noko sjokk for rektoren i Luster at skulen står på kuttlista.

– Men alvoret i det og totaliteten i det, det går etter kvart meir opp for oss. Sjølv om dette berre er ei tilråding, så er dette ein alvorleg dag, seier Buskaker til NRK.no.

Ikkje eiga avdeling

Samtidig som fylkesrådmannen orienterte politikarar og presse snakka rektoren med dei tilsette ved skulen i Luster.

– Stemninga er fatta, og det er høg grad av realisme, seier Buskaker til NRK.no.

Sogn Regionråd hadde håpa at Luster vidaregåande skule skulle få vere ei underavdeling av Sogndal vidaregåande skule, men det er ikkje lagt opp til at lokala ved skulen skal nyttast til opplæring.

– Slik ein ser av tilrådinga er det ikkje behov for desse lokalitetane, og det synest vi er trasig, seier Buskaker.

Ho seier vidare at ho kjenner seg trygg på at fylkeskommunen tek godt vare på dei tilsette som kan stå utan arbeid ved skulen om vel eitt år.

Det er politikarane som skal avgjere framtida for skulane.

Først skal saka opp i hovudutvalet for opplæring den 28. mai, deretter er det fylkesutvalet som diskuterer saka på møte 5. juni. Til slutt er det fylkestinget som skal ta endeleg avgjerd i saka, det skjer når fylkestinget møtast i Førde den 11. og 12. juni.