Står for ein promille av utsleppa – likevel stempla som klimaversting

Trass i at cruisetrafikken står bak berre ein promille av verdas klimagassutslepp, er det sterk politisk fokus på kor miljøskadeleg næringa er.

Cruiseskip

STÅR FOR LITEN ANDEL AV FORUREINING: Cruisenæringa står for ein svært liten andel av dei totale klimagassutsleppa. Likevel blir næringa stempla som ein miljøversting av miljørørsla.

Foto: Trond Reidar Teigen

Det er tal frå den internasjonale sjøfartsorganisasjonen IMO som viser at utsleppa frå cruisetrafikken utgjer ein svært liten del av dei totale utsleppa.

Sjølv om cruise er ein «mygg» når det gjeld totale klimagassutslepp, har MDG og miljørørsla dei siste åra retta mykje av skytset nettopp mot cruisenæringa. Sist veke slo MDG alarm då det vart kjent at cruisenæringa sette ny rekord i fjor med 2300 anløp i norske fjordar.

– Det er heilt absurd. Cruiseturisme er ein klimaversting, sa Arild Hermstad, nasjonal talsperson i MDG.

– Underleg

Sandra Diana Bratland i cruiseselskapet Carnival Norway meiner det er underleg at det er så sterk fokus på cruisenæringa når utsleppa utgjer ein så liten del av totalen.

– Eg forstår det ikkje heilt. Samtidig tar vi klimasaka på alvor og jobbar hardt for å redusere utsleppa våre, seier ho.

Sandra Bratland

FORSTÅR IKKJE: Sandra Diana Bratland i cruiseselskapet Carnival Norway stiller seg undrande til at miljørørsla stemplar cruisetrafikken som miljøversting når næringa står for berre ein promille av dei samla utsleppa.

Foto: Privat

Også dagleg leiar i Cruise Norway, Inge Tangerås, stiller seg undrande til den sterke kritikken mot næringa.

– Eg trur ikkje folk flest er klar over kor liten del av forureina vi står bak, seier han. Det at skipa er store og tek mykje plass trur han er ein viktig grunn til at dei får så mykje fokus.

– Kvar cruiseturist har stort klimaavtrykk

Arild Hermstad i MDG ser ingen grunn til å ta sjølvkritikk fordi han og miljørørsla har framstilt cruisenæringa som ein miljøversting.

– Det å vise til at dei er veldig små er eit dårleg utgangspunkt for cruisenæringa. Det kan alle næringar gjere. Vi er opptekne av oljeindustri, transport generelt og all type forureining, seier han.

Har MDG hausa opp utsleppa frå cruisenæringa?

– Nei, det har vi ikkje. Cruisenæringa må ta ansvar for dei utsleppa dei står for, seier Hermstad.

Han viser til at cruisenæringa er ein av verstingane når det gjeld klimautslepp per turist.

Arild Hermstad (MDG) på folkemøte i Flåm

TEK IKKJE SJØLVKRITIKK: Sjølv om cruisenæringa står for berre ein promille av verdas klimagassutslepp, tek ikkje Arild Hermstad i MDG sjølvkritikk for å ha stempla cruisenæringa som miljøversting.

Foto: NRK

Tal frå Vestlandsforsking viser at ein cruiseturist legg igjen 940 kilo CO₂ i løpet av ei veke. Dette svarar til 600 mil med privatbil eller nesten 1000 mil med fly.

Hermstad viser også til at cruisenæringa ofte skaper store ureiningsproblem i lufta der dei legg til kai, og at dei tek opp verdifulle område i bykjernar.

Sjølv om kvart enkelt skip forureinar mykje, blir ikkje andelen stor sidan det berre er om lag 350 cruiseskip i verda.

Skipstrafikken står for mellom to og tre prosent av dei totale klimagassutsleppa.

– Mykje i fokus fordi næringa er så synleg

Forskar ved Vestlandsforsking, Hans Jakob Walnum, har i fleire år jobba med ulike problemstillingar innan cruisetrafikk. Han har følgjande forklaring på kvifor miljørørsla, det politiske miljøet og media har så sterk fokus på utslepp frå cruisetrafikken:

– Cruise er ei veldig synleg form for turisme som skaper relativt små verdiar på land. Samtidig har kvar cruiseturist eit stort klimaavtrykk, seier han.

Hans Jakob Walnum

FORUREINAR MYKJE PER TURIST: Cruisenæringa forureinar mykje per turist samanlikna med mange andre former for turisme, seier forskar ved Vestlandsforsking, Hans Jakob Walnum.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Walnum legg til at cruise ofte blir gjennomført i kombinasjon med flyreiser.

– CO₂-utsleppet aukar med 140 prosent dersom cruiseturisten kjem med fly frå USA før han tek cruise i Europa, seier Walnum.

– Meiner du som forskar det er rett å karakterisere cruisenæringa som ein klimaversting?

– Ikkje samanlikna med fly. Samla utslepp frå flynæringa er mykje høgare sett i høve til cruise, seier han.

Av alle turistrelaterte utslepp i verda, stod fly for 50 % av dei samla transportrelaterte CO₂-utsleppa frå turisme. Cruise utgjorde 1,7 prosent av dei samla transportrelaterte utsleppa frå turisme i 2016. Dette viser tal frå verdas turismeorganisasjon UNWTO, som er ein del av FN-systemet.

Både fly – og cruisenæringa må ha ein vesentleg reduksjon i klimagassutsleppa innan nokre år for å nå politiske mål om drastisk nedgang i utsleppa, seier Walnum.

Flest tyskarar

37 prosent av cruiseturistane som kom til Noreg i fjor var tyskarar, 22 prosent kom frå Storbritannia og 16 prosent kom frå USA, Canada eller Australia. Resten kom hovudsakleg frå ulike europeiske land. Berre om lag ein prosent kom frå Asia.