Hopp til innhold

BT: Ektemannen sikta for aktlaust drap

Politiet mistenker promille og har rutinemessig tatt ut sikting for aktlaust drap mot mannen som køyrde båten då ei kvinne omkom i Selje 19. mai.

En båt kjørte lørdag morgen på land på øya Selje i Sogn og Fjordane.

KVINNE OMKOM: Ei 41 år gamal kvinne mista livet i båtulukka som skjedde ved øya Selja i mai.

Foto: Redningsselskapet / NTB scanpix

Det er Bergens Tidende som melder onsdag at politiet no har sikta ektemannen for køyring i rusa tilstand og aktlaust drap.

– Mannen er førebels og rutinemessig sikta for aktlaust drap etter at den 41 år gamle kona omkom i båtulukka, seier Nils Bakke i politiet i Nordfjord til avisa.

Ifølgje BT går no politiet ut frå at båten gjekk på land mellom 02.30 og 03.00 om natta, men at ulukka ikkje blei varsla før klokka 06.40 om morgonen den 19. mai.

– Det er sannsynleg at den sikta har vore medvitslaus eller har gått i ein sjokkliknande tilstand, seier Bakke.

Til NRK stadfestar Bakke at dei har sikta ektemannen, men at det er for tidleg å slå fast at dette endar ut i ein tiltale.