Hopp til innhold

– Sensasjon at dei ikkje vil ha Følling

Striden om toppvervet for Senterpartiet i nye Vestland spissar seg til. BT-kommentator Jens Kihl meiner det kan bli mykje vondt blod fram mot valet neste år.

Friidrett, NM i Byrkjelo 2018.

MØTER KRASS KRITIKK: Jenny Følling (Sp) må finne seg i sterk kritikk frå delar av Senterpartiet i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Det er no open krangel i Senterpartiet og i går gjekk lærdalsordførar Jan Geir Solheim hardt ut mot den sitjande fylkesordføraren, Jenny Følling. Ei rekkje lokallag på Vestlandet har signalisert at dei ikkje ønskjer Følling med vidare inn i det nye fylket.

– Det er jo ein liten sensasjon når ein sittande fylkesordførar seier at ho stiller seg til disposisjon for partiet, seier Jens Kihl, politisk kommentator i Bergens Tidende.

– Kva har ho gjort feil?

– Det viktigaste her er spørsmålet om fylkessamanslåinga. Dette har skapa stor strid internt i Senterpartiet.

Kihl meiner spørsmålet om regionreforma er viktig på fleire måtar for partiet.

– Det gjeld arbeidsplassar på Leikanger, og det spelar ei rolle i å sikre verdiane i Sogn og Fjordane Energi. Men dette går òg på kva Senterpartiet si kjerne er.

Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, er blant dei som kritiserer Følling sterkast. Han meiner at ho ikkje har tedd seg som ein senterpartist i saka om fylkessamanslåinga, og han og hans lokallag stiller seg ikkje bak eit kandidatur for Følling.

Ikkje ein fogderistrid

Kihl meiner det er for enkelt å sjå dette som ein strid mellom dei ulike regionane i Sogn og Fjordane. Følling er heller ikkje populær i søre delen av nye Vestland fylke, påpeikar han.

– Ho er til dømes ikkje foreslegen av lokallag i Hordaland. Og ein kunne ha tenkt seg at eit parti som sit med ein fylkesordførar som vil halde fram i den stillinga, òg støttar den her frå Hordaland. Men det skjer ikkje, seier han.

Jenny Følling har vore ein aktuell kandidat til å bli fylkesordførar i nye Vestland fylke. No har fokuset hennar skifta til ordførarvervet i nye Sunnfjord kommune, ifølge ho sjølv.

– Det finst døme på folk som seier at dei kan stille til førsteplass på to lister på ein gong. Her i Hordaland har vi Terje Søviknes til dømes. Dette kan tolkast som at ho har visst at det er lite støtte å få og at ho har sett på andre moglegheiter, seier han.

Vondt blod i Senterpartiet

Fylkesordføraren i Sogn og Fjordane seier ho er skaka over kritikken som har kome frå blant anna Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim, og hevdar at dette er del av ein kampanje. Jens Kihl ser òg eit spel som føregår i partiet etter at BT publiserte den første saka.

– Begge sider i partiet har teoriar om kven som har planta saka og så vidare. Det tenkjer eg visar at det er mykje vondt blod i partiet, og at dei aldri har klart å funne ein veg ut av fylkessamanslåinga. Og dette problemet trur eg ikkje dei kjem til å bli kvitt over natta, avsluttar han.

Nominasjonsarbeidet i Senterpartiet held fram gjennom fleire rundar, og nominasjonsmøtet skal haldast 23. november.

Jens Kihl, politisk kommentator i BT

SER SAKA SOM SENSASJON: Politisk kommentator i BT, Jens Kihl, trur dette er ei sak som ikkje går over raskt.

Foto: Silje Katrine Robinson / Bergens Tidende