Hopp til innhold

Open krangel i Senterpartiet: – Eg er skaka over Solheim sitt angrep på meg

LÆRDAL (NRK): Det er open krangel i Senterpartiet om kven som skal sitje med makta i nye Vestland fylke. Lærdalsordførar Jan Geir Solheim er ikkje nøgd med sin eigen fylkesordførar Jenny Følling, som meiner ho blir utsett for ein kampanje.

Jan Geir Solheim, Lærdal kommune kan ha øydelagt 1000 år gammalt kulturminne

IKKJE SENTERPARTIET VERDIG: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, kommune, er klar på at partikollega Jenny Følling ikkje kan bli fylkesordførar for nye Vestland fylke.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg er på mange måtar skaka over angrepet Solheim gjer på meg midt i ein nominasjon. Eg er veldig skuffa over at han seier at eg ikkje er eit Senterparti-menneske. Eg har gjort alt eg kan i dei 20 åra eg har tent partiet, og då syntest eg dette er ein uakseptabel framgangsmåte, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Det var Bergens Tidende som først omtalte saka om at Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim (Sp) meiner Følling går mot både grasrota og partiet sentralt.

– Det handlar om regionreforma og berre den. Eg såg ikkje ein Senterparti-ordførar i Jenny Følling i den saka, seier Solheim til NRK.

– Kva er du mest skuffa over?

– Eg er skuffa over at vi ikkje blir høyrt på, både i grasrota og partiet sentralt. Det var så tydeleg at Senterpartiet var sterkt mot denne reforma, seier han.

– Stor påverknad

Ifølge BT får Følling støtte i eit mindretal av Senterpartiet sine lokallag i Sogn og Fjordane. Elleve lokallag av 28 nemner Følling i deira nominasjonslister. Solheim synest fylkesordføraren har gått på akkord med kva partiet står for.

– Jenny er flink, men ho må òg høyre på sitt parti. Og i ei så viktig sak som regionreforma så må det skine gjennom at ho faktisk er fylkesordførar for Senterpartiet. Når ein fylkesordførar jobbar så aktivt så har det stor påverknad på resultatet, seier han.

Solheim trur det finst andre i Sogn og Fjordane som kan gjere jobben like bra som Følling.

– Eg meiner Senterpartiet har mange flinke kandidatar til toppleiarvervet i den nye regionen, og eg trur at Sogn og Fjordane kan kome styrka ut av dette. Men eg trur det vert veldig vanskeleg for Jenny å få brei støtte i fylket.

– Faktum er at etter første nominasjonsrunde så står eg blant topp tre. Det er resultatet eg sit med, så eg forstår ikkje heilt grunnlaget for oppslaget i Bergens Tidende, seier Følling.

Jan Geir Solheim, Lærdal kommune kan ha øydelagt 1000 år gammalt kulturminne

IKKJE SENTERPARTIET VERDIG: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, kommune, er klar på at partikollega Jenny Følling ikkje kan bli fylkesordførar for nye Vestland fylke.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Solheim blandar rollene

Følling meiner Jan Geir Solheim blandar rollene i kritikken mot ho.

– Som fylkesordførar skal ein fronte fylkestinget sine vedtak, så eg syntest han skyt langt over mål når han seier at eg ikkje høyrer på partiet. Eg kan skjønne at nokon han ha problem med å skilje rollene, men det bør ikkje Solheim ha, som sjølv er ordførar og veit kva som er plikta til ein ordførar, seier ho.

Fylkesordføraren i Sogn og Fjordane siktar no mot ordførarvervet i Sunnfjord, og meiner det påverkar nominasjonsprosessen fram mot fylkestinget.

– No er det jo rett at eg har takka ja til nominasjonsnemnda i nye Sunnfjord kommune om å stå på topp der, og det inneber nok at det er mindre aktuelt å stå på fyrsteplass i nye Vestland fylke.

Nominasjonsarbeidet klart i november

Leiaren for nominasjonsnemnda i Senterpartiet på Vestlandet, Jakob Bjelland, kjenner seg ikkje att i kritikken om at Følling skal vere upopulær i partiet.

– Ho er blant kandidatane som har fått flest nominasjonar. Kva vurderingar dei enkelte lokallag har gjort kjenner eg ikkje til, og det vil eg ikkje spekulere i heller, seier Bjelland.

Arbeidet med nominasjonane til nye Vestland fylke held fram til ut i november, og nominasjonsmøtet er planlagt til 23. november.