– Dette er så utgjort. Det er så typisk. Det blir vanskeleg å arrangere bryllaup om eg ikkje får fram verken prest eller gjestar, sa Hilleren til NRK i 15-tida fredag.
Men Statens vegvesen kunne gje ho håpet tilbake. Ein geolog har vore og sett på rasstaden og dei vonar å kunne opne fylkesvegen igjen klokka 20 i kveld. Og like etter klokka 20.00 var vegen opna att for fri ferdsel.
Ho er ei av dei som følgjer ekstra spent med på kor lenge fylkesveg 337 mellom Veitastrond og Hafslo blir stengd. Tidleg i ettermiddag kom meldinga om det hadde rasa ned fleire store steinar i området ved Ugulsvik, eit kjent rasområde, og deler av vegbana er heilt knust.
- Les også:
Hilleren vart overraska over at bryllaupet hennar no kan bli stoppa av rasstengd veg.
– Denne vinteren har vegen hit nesten ikkje vore stengt. Så det er godt gjort at dette skal skje akkurat denne helga, midt på sommaren, seier ho.
Geolog på veg
Fylkesveg 337 mellom Veitastrond og Hafslo er kjent for å vere svært rasutsett om vinteren, men etter at deler av vegen har blitt lagt i tunnel, har vegen blitt langt sikrare. Staden der det i dag har rasa ned steinar, er kjent for bygdefolket.
– Det skal ha kome ned småstein først, og så har det kome store steinar seinare. Eg har ikkje sett raset sjølv, men det ser ganske stygt ut på bileta, seier Asbjørn Nes, som er leiar i Veitastrond bygdelag.
Vegtrafikksentralen opplyser at Vegvesenet har ein geolog på veg til staden for å gjere vurderingar av omfanget og eventuell rasfare. Det er førebels umogleg å seie kor lenge vegen blir stengd.
– Eg orkar ikkje tenke på det
Anja Irene Hilleren ventar på både varer, gjester, og som sagt presten.
– Vi skal ha 78 gjester, og sjølv om nokon av dei bur her, så er det flest frå andre sida. Og det er jo ein fordel å få fram presten, sukkar ho.
– Kva gjer du om du ikkje får bryllaupsgjestene inn til bygda?
– Det orkar eg ikkje å tenkje på enno. Det set eg meg ikkje inn i no. Vi får berre håpe at dei gjer alt dei kan for å få opna vegen.
Det er mogleg å frakte folk til bygda med båt, men Hilleren har førebels ikkje tenkt meir på alternative måtar å få bryllaupsgjestene fram.
– Eg håpar å få vite noko i løpet av kvelden om kor tid vegen opnar.