Hopp til innhold

Store steinblokker stengte fylkesveg

Store steinblokker rasa ned på fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrond.

Ras stenger fylkesveg 337 mellom Veitastrond og Hafslo

RAS: Folk som skulle innover til Veitastrond fredag ettermiddag vart møtt av dette synet i området ved Ugulsvik.

Foto: Oddbjørn Molland

SISTE: Vegen blei opna for trafikk kl. 20 fredag kveld.

Anja Irene Hilleren skal gifte seg på Veitastrond i morgon, og fryktar at verken prest eller gjester skal kome fram.

Etter det NRK får opplyst frå folk som er på staden skal minst 80 meter med rekkverk ha fått skader. Steinane har truleg losna høgt oppe. Nede på vegen ligg det fleire store steinar, i tillegg til at det litt småstein utover eit større område.

– Det skal ha kome ned småstein først, og så har det kome store steinar seinare. Eg har ikkje sett raset sjølv, men det ser ganske stygt ut på bileta, seier Asbjørn Nes, som er leiar i Veitastrond bygdelag.

Geolog på veg

Klokka 14.10 opplyser Vegtrafikksentralen at dei har geolog på veg for å gjere undersøkingar og vurderingar av rasfare i området. Det er førebels umogleg å seie kor lenge vegen blir stengd.

Det er eit stort hol i eine delen av vegbana. Det er elles usikkert kor omfattande arbeid som må til for å gjere vegen køyrbar, og om det må gjerast sikringstiltak i fjellsida.

Fylkesvegen til Veitastrond har vore svært utsett for snøras, og vegen inn til bygda har blitt mykje sikrare etter at deler av vegen er lagt i tunnel. Nes seier området der det i dag har gått steinras, er eit kjent område.

– Det er dette området det er stygt når det kjem til steinsprang, seier han.

Han seier det er mange som pendlar langs vegen, og at vegstenginga vil skape problem for mange.

– Det skal også vere bryllaup her i morgon, så vi får håpe at vegen blir opna att i løpet av kvelden.

Må ha båt for å kome seg ut

Det var linjemontørar som var på arbeid i området som melde frå til Statens vegvesen om raset. Montørane i Nettpartner jobbar med å byggje ei 66 kV-linje mellom Hafslo og Veitastrond. Etter raset har dei 15 mann som no må fraktast ut frå Veitastrond med båt.

– Ein av våre tilsette fekk med seg at det rasa, og informerte oss, seier Odd Steinar Elven i Nettpartner.

Han seier dei har fått tak i ein båt som skal frakte dei forbi rasstaden.

– Det er litt nedbør og vind i området her, men ikkje så veldig stygt vêr, seier Elven.

Ras på fylkesveg 337 mellom Veitastrond og Hafslo

SMÅSTEIN: Dette biletet er teke frå Veitastrond-sida av raset. Det ligg også småstein i området, som tyder på at steinane er knust til mindre steinar høgt oppe over vegen.

Foto: Oddbjørn Molland