NRK Meny
Normal

Brukar nasjonaldagen på lamasafari

For første gang vart det arrangert lamasafari i Skjolden på sjølvaste 17. mai.

Lama, skjolden

-Desse turistane er tilfeldigvis i Skjolden på 17. mai og skal på lamasafari blant bunadskledde nordmenn-

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Det er ikkje eg som har bestemt når båten skal kome, seier ein smilande Simon Page.

Han er opphavleg frå England, men har slått seg opp som lamabonde i Skjolden og satsar på livdyrsal og turisme.

– Det funkar veldig bra. Det er jo ein del cruisebåtar på besøk her i Skjolden no om dagen, seier Page.

I Skjolden bur det til dagleg 350 menneske, men på dagar med cruiseanløp kan folketalet mangedoble seg. I dag får bygda besøk av kring 2000 turistar.

Turistar i Noreg 17. mai

MANGE TURISTAR: 2000 cruiseturistar er tilfeldigvis i Skjolden i dag. På nasjonaldagen er bunadskledde nordmenn den store attraksjonen.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Ei fantastisk oppleving

– Eg hadde aldri trudd at det skulle vere slik ei storstilt feiring. Det er heilt fantastisk å vere her saman med lamaer og sjå masse finpynta norske folk, seier turisten John frå USA.

Han skal på lamasafari i dag og får helse på ein litt rampete lama.

lamaer i tog 17. mai

I TOG: Turistane som kom på besøk til Skjolden 17. mai fekk gå i eit litt utradisjonelt tog, med lamaer.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Den lamaen heiter Amy og er litt rampete, seier lamabonden Simon.

Han fortel at dette dyret er litt spesielt for han. Amy var fødd alt for tidleg, og det var så vidt ho overlevde etter å ha lege på det varme baderomsgolvet til Simon i fem dagar.

– Ho er ikkje heilt klar over at ho er ein lama. Sjølv om ho kan vere litt rampete og spytte på folk av og til, så er ho veldig glad i menneske, ler Simon.

Livredd dyra

Også vår reporter, Solveig Svarstad fekk nærkontakt med desse langhalsa dyra i dag. Ho freista å leie ein lama på direktesendt TV, men måtte rope på hjelp frå lamabonden, Page.

– Eg er livredd dyra, men dei er så snille då veit du, sa Solveig i det ho våga seg til å klappe lamaen på halsen.

– Eg må nesten vidare å intervjue nokre turistar, sa ho kjapt etter det.

Solveig Svarstad skeptisk til lama

SKEPTISK: Reporter Solveig Svarstad er ganske skeptisk før ho skal klappe ein litt vilter lama.

Foto: Solveig Svarstad / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.