Hopp til innhold

Årets russ får honnør etter feiringa i natt

Natt til 17. mai gjekk fint føre seg for russen i Møre og Romsdal. Politiet meiner høgdepunktet i russefeiringa avspeglar oppførselen til årets russ.

Russ i 17.mai-tog i Ålesund

Russen skaper liv og røre 17.mai. Ålesundsrussen er i farta også, men politiet erfarer at dei oppførte seg fint i natt.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Årets russekull i Møre og Romsdal gav politiet lite arbeid natt til 17. mai.

Russen samla seg, tradisjonen tru, og festa i bygd og by i fylket, og får skryt av måten dei oppførte seg på i natt.

Det har ikkje kome meldingar om alvorlege hendingar av noko slag.

– Natta avspegla i grunnene heile årets russetid. Dei har oppført seg greitt, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre til NRK.

Russ i musikkorps i Molde

Russe er med i korps i Molde, og gjer seg nok gjeldande i folketoget på ulike vis også.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Til saman fleire tusen russ har i vår markert at dei er ferdige med vidaregåande skulegang i Møre og Romsdal.

Dei fleste stadane er blå- og raudrussen med i 17. mai-toga. Også dei minse, rosa-russen frå barnehagane, er eit festleg innslag toga også i år.