Hopp til innhold

Send inn dine bilete frå 17. mai-feiringa!

Nasjonaldagen er her og sola skin mange stadar. Send oss gjerne dine bilete frå feiringa!

Rune Ytredal heiser flagg

PÅ JOBB: Rune Ytredal i Førde brannvesen heiser flagg i sentrum.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Det blir både opphaldsvêr og gløtt av sol på nasjonaldagen, så alt ligg til rette for flotte blinkskot. Vi vil sjå korleis du feirar dagen der du er.

Del gjerne dine bilete med oss. Merk dei med #nrksf på Instagram, så hamnar dei på kartet og i galleriet vårt.

Førde

SOL: Sånn ser det ut i Førde om morgonen den 17. mai.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Det er fleire måtar du kan dele dine bilete med oss:

Send bilde som MMS med kodeord SF til 1987.
Send oss bilete via Facebook-sida vår.
Bruk e-post sf@nrk.noTagg bileta med både #nrk17mai og #nrksf.

Balestrand 17. mai 2017

MAGISK: Erik Grotle har sendt oss dette bilete frå Balestrand på nasjonaldagen.

Foto: Erik Grotle

Sendingar frå heile landet

I tradisjon tru skal NRK bringe 17. mai-stemning rett inn i stova di. I ei fleire timar lang maratonsending på både fjernsyn og radio er vi på plass over heile landet.Det er ikkje berre bunad og norske flagg det skal handle om. Vi blir med turistane på lamasafari hjå ein lokal bonde.

Stine og Solveig skeptiske til Lama

SKEPTISIKE: Fotograf Stine og reporter Solveig er litt skeptiske til ein Lama like før dei skal på direktesendt TV og klappe denne.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Kyrkjebø og Svarstad skal vere inne fleire gonger både på radio frå kl. 6 til 10, og på fjernsyn frå kl. 7.50 til kl. 13.45.

HER SER DU BILETE FOLK HAR SENDT INN:

Laster innhold, vennligst vent..