NRK Meny
Normal

Brørne stod på kvar sin banehalvdel då Florø slo ut Førde frå cupen

FØRDE (NRK): For Jacob (20) og Marius Storevik (18) vart cupkampen på Førde stadion ekstra spesiell. Eldstebror og Florø-keeper Jacob var livredd for at det skulle enda med tap.

Førde-Florø. Jacob og Marius Storevik

SMIL: Jacob Storevik (t.h) hadde størst grunn til å smila etter kampen, då han og Florø vann 2–0. Marius Storevik fekk sin a-lagsdebut for Førde.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Vi hadde alt å tapa, det er jo trass alt to divisjonar som skil laga, seier Jacob Storevik til NRK.

Dei to brørne har nettopp spelt for kvart sitt lag i cupkampen mellom Førde og Florø. Jacob som keeper for Florø og Marius som høgreback for Førde.

Nervøs i fleire dagar

Veslebror Marius fekk sin debut for Førde på høgrebacken i cupkampen, men trass i at han speler langt bak på bana hadde storebror ei stor frykt.

– Eg har vore nervøs i fleire dagar for denne kampen. Spesielt om han hadde scora på meg, seier Jacob.

– Det vart sagt lite oss i mellom heime i dag, skyt Marius inn.

For dei to hadde aldri spelt mot kvarandre i ein tellande kamp på 11-arbane – før denne veka.

– No har vi spelt to kampar på tre dagar. Første med andrelaga tidlegare i veka og no i cupen, seier Marius.

Felles for begge kampane er at storebror har stått att som sigersherre. Florø 2 vann 4–2 over Førde 2, medan cupkampen enda med 2–0 til Florø.

Og at det enda med siger til storebror er kanskje til det beste for familiefreden, skal vi tru veslebror.

– Eg er usikker på om eg hadde sett han resten av kvelden om vi hadde vunne, seier Marius med eit smil.

Og akkurat idet dei har gjort ferdig praten med NRK kjem pappa Per Øyvind Storevik og fortel at Jacob måtte få skyss med Maruis heim, då mora hadde tatt med seg den eine bilen. Noko som truleg hadde vorte meir problematisk om Førde hadde vunne kampen.

Storebror har dei siste sesongane vore i Rosenborg og Levanger før han returnerte til Florø. Marius har etter fleire sesongar i Førde no blitt ein del av A-stallen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser