Hopp til innhold

Var cuphelt for Rosenborg i 2012 – no er floraværingen på klubbjakt

Jacob Storevik (18) si karriere med Rosenborg ser ut til å vere over i denne omgang. No er G18-landslagskeeperen frå Flora på klubbjakt.

Jacob Storevik (innringa) vart cuphelt for Rosenborg.

CUPMEISTER: Jacob Storevik (innringa) vart cuphelt for Rosenborg-juniorane i 2012.

Foto: rbk.no

Keeperen har vore hospitant i A-stallen til Rosenborg sidan sommaren 2012, og fekk dei ti seriekampane i år på benken for sølvvinnarane i Eliteserien.

No er Jacob Storevik på klubbjakt.

– Det var ikkje heilt uventa sidan dei har Alexander Lund Hansen og har henta inn André Hansen frå Odd. Eg kunne fått blitt, men vi vart samde om at det var best for meg og klubben at eg finn meg ein ny klubb til nyttår, seier 18-åringen til NRK.no.

Utfordrar i 1. divisjon

Jacob Storevik

NM GULL: Jacob Storevik med det synlege beviset på cupmeistertittelen.

Foto: rbk.no

Kontrakten med trondheimsklubben går ut neste år, men med nedrykk for Rosenborg 2 til 3. divisjon og nedlegging av Rosenborg 3 ville juniorserien blitt det mest trulege nivået for Storevik kommande sesong.

– Tilbodet til neste år ville ikkje blitt det same som i år, vedgår Storevik

– Kva nivå ser du føre deg?

– Eg trur det vil vere naturleg å setje seg mål om å vere i utfordrarposisjon til ein førstekeeper i ein Adeccoklubb.

– Sogndal er aktuelt

Storevik har per no ikkje vore i kontakt med klubbar, men håpar at brikkene fell på plass innan nyttår. 18-åringen både bur og går på skule i Trondheim.

No håpar han den rette klubben tek kontakt.

– Det ideelle hadde vore ein klubb i Trondheim, men eg er trygg på at dersom det dukkar opp noko ein annan stad, så er det fullt mogleg å fullføre siste året der også.

– Kan Sogndal vere interessant?

– Absolutt. Eg kjenner godt til miljøet og folka der inne. Det er ein trygg plass å komme til, dersom det er interessant for dei.

(Artikkelen held fram under biletet)

G18-landslaget sikra seg 3.plass i turnering, med imponerande innsats frå keeper Jacob Storevik.

LANDSLAGET: Jacob Storevik imponerte då Norge tok tredjeplassen i åttenasjonersturneringa i mai.

Foto: privat

Har forståing

Storevik kom til Rosenborg frå Florø i 2012. Sidan er han mellom anna blitt Noregsmeister med juniorane . Han har også etablert seg som sisteskanse på G18-landslaget.

At han no er vege og funnen for lett av det sportslege apparatet i Rosenborg, tek han ikkje så tungt. Sjølv føler han å ha teke store steg i tida med trønderklubben.

– Rosenborg er Norges største klubb. Dei kjempar om gull kvart år og skal ut i Europa. Difor skjønar eg at det ikkje er «safe» å satse på ein 18-åring, seier han og avsluttar:

– Det er vanskeleg å komme igjennom som junior i Rosenborg. Alexander måtte gjennom mange lån, før han vart satsa på. Så det er ein lang veg å gå før du er aktuell som førstekeeper i Rosenborg.

Det har ikkje lukkast NRK.no å få kommentar frå sportsleg leiar i Rosenborg, Erik Hoftun.