Raser mot bana etter cupavansementet: – Det er jo ein åker

FØRDE (NRK): Rashad Muhammed vart matchvinnar for Florø, men etter kampen var Florø-trenaren mest opptatt av baneforholda.

Florø-jubel

FLORØJUBEL: Florø-spelarane jublar etter at Rashad Muhammed har sett inn 1–0.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Det vart ein duellkamp, for bana er jo ein åker. Det gjekk ikkje å spela fotball utpå der. Førde måkte berre ballen fram i håp om å skape sjansar, men eg håpar var på grunn av bana, seier Florø-trenar Terje Rognsø til NRK.

For trass i at Florø ligg to divisjonar høgare enn Førde i seriesystemet vart ikkje kampen avgjort før knappe ti minutt før slutt. Rashad Muhammed klarte å overlista Førde-keeper Fredrik Hanssen, som til då hadde vore som ein levande vegg og til og med redda eit straffespark frå den same Muhammed.

Rashad fekk dobbel revansj, han putta inn nummer to like før slutt, slik at Florø gjekk vidare i cupen med 2–0 over Førde.

– Ut ifrå dei sjansane vi skapte burde kunne vi vunne 10–2, seier Florø-trenaren.

Etter kampen såg bana slik ut, og det gjekk utover spelet til begge lag.

Førde stadion etter Florø-Førde

MERKER: Bana fekk hard medfart under cupkampen mellom Førde og Florø.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Ligg ei perfekt bane to steinkast unna

For førsterundekampen i cupen mellom dei to rivalane vart spelt på grasbana på Førde stadion. Heilt ubegripeleg, meiner Florø-trenaren.

– Det ligg jo ei perfekt bane to steinkast unna. Folk har faktisk betalt for å komme å sjå på at vi «spelar» fotball på ein åker, seier Rognsø.

Bana han siktar til er kunstgrasbana i Hafstadparken, men grunna reglar frå fotballforbundet har ikkje Førde lov til å flytta kampen.

– Eg er tilhengar av å spela på naturgras, men vi får ikkje spelt vårt spel når bana er sånn. Då hadde det vore betre å fått spela på kunstgraset fram til grasbana er klar. Det er den ikkje no, seier Førde-trenar Bjørn Totland.

Ti elleville minutt

Så over til det sportslege, for sjølv om kampen ikkje var finspelt var det nok av

Frå det 53. til det 63. minutt var det to personar som stod i fokus. Begge er Førde-spelarar og opererer på kvar si side av bana. For i løpet av ein periode på sju minutt hadde Førde-spiss Øystein Myrkaskog tre sjansar som alle kunne blitt scoring. Og keeper Fredrik Hanssen redda straffe.

  • 53. minutt: Myrkaskog gjekk på eit løp og kom seg til eit skot frå skrått hald, men avslutninga gjekk rett på keeper.
  • 58. minutt: Myrkaskog igjen, får ballen midt inne i feltet aleine mot keeper, men avslutninga vart meisterleg redda av Florø-keeper Jacob Storevik.
  • 61. minutt: Myrkaskog nok ein gong, og denne gongen lobba han ballen elegant over keeper, og ballen trillar mot det opne målet. Men ein Florø-forsvarar får kasta seg inn og redda ballen på streken.
  • 63. minutt: Etter kjempesjansen til Førde gjekk Florø rett i angrep, og fekk eit korrekt idømt straffespark. Men Fredrik Hanssen i målet til Førde var heilt nede i hjørnet og fekk stoppa skotet.

– Eg kunne ha scora tre mål, men eg er ikkje heilt i form enno, seier Myrkaskog etter kampen.

– Eg er godt nøgd

Cupkamp Førde-Florø

SJANSAR: Florø skapte ein drøss med målsjansar i slutten av andre omgang, men Førde-keeper Fredrik Hanssen hadde ein god dag på jobben.

Foto: Thomas Brakstad

Jamn opning

Laga har spelt mot kvarandre fleire gangar tidlegare i cupen. Sist tilbake i 2014 i Florø. Då vann heimelaget 2–0. Også i 2013 var det Florø som trekte det lengste strået med sin 2–1 siger borte i Førde.

I fjor tok Førde seg vidare frå første runde i cupen, då dei slo ut Brann etter straffesparkkonkurranse på heimebane. I serien gjekk det tyngre, og Førde rykte rett ned etter å berre vunne fire kampar, medan Florø rykka opp til førstedivisjon.

Cupkamp Førde-Florø

FULLE TRIBUNAR: Mange tilskodarar hadde tatt turen for å sjå kampen.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Dei siste 17 åra har laga spelt mot kvarandre heile 30 gangar i serie og cup, og det er Førde som har vore best med sine 13 sigrar. Florø har vunne 11, medan seks kampar har enda uavgjort.