Hopp til innhold

Brønnbåt berga havaristar etter seglbåt grunnstøytte

Tre personar vart i natt berga vest av Grotle i Bremanger då seglbåten deira gjekk på grunna og sokk.

MS Langsund

LANGSUND: Brønnbåten «Langsund» melde seg til assistanse og fekk berga dei tre personane i natt. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Magnar Lyngstad

– Vêret var for så vidt greitt og situasjonen var grei, men det er alltid dramatisk når slik skjer, seier redningsleiar Børge Galta i Hovudredningssentralen.

Hovudredningssentralen i Sør-Norge fekk Mayday-signalet frå den 30 fot lange seglbåten klokka 00.31, og dei om bord fortalde at båten hadde grunnstøytt og tok inn vatn, fortel redningsleiar Andreas Bull i HRS på Sola.

– Det tok mellom eit kvarter og 20 min frå Mayday-signalet til redningsmannskapet var på plass, seier Børge Galta.

Dei tre gjekk først i ein gummibåt før dei kom over i brønnbåten.

Hovudredningssentralen koordinerte hendinga, og både redningsskøyta Halvdan Grieg og eit redningshelikopter frå Florø rykte ut. Men dei tre vart berga til land av mannskapet på brønnbåten «Langsund», som var i området.

Skipper Jan Austring på «Langsund» seier at dei var vel ein halvtime unna då dei fekk meldinga frå Florø radio.

– Dei var komne i ein gummibåt då vi kom fram, og det var fint vêr og ikkje noko dramatikk. Båten låg djupt i sjøen. Vi fekk sett dei tre ungdommane i båten i land i Iglandsvik. Då vi gjekk ut igjen såg vi at redningsskøyta prøvde å berge båten, men då sokk han og ligg no på 12 meters djup.

Dei tre havaristane blei frakta med redningsskøyta. til Måløy, der dei blei tekne hand om av politiet og har overnatta på hotell.

Seglbåten, som var norsk, har sokke.

Bremangerlandet