Briksdalsbreen tilbake 534 meter

Brefronten på Briksdalsbreen i Stryn har gått tilbake 534 meter på 16 år.

Briksdalsbreen 2002 og 2012

KRYMPAR: Desse to bileta er tekne i 2002 og 2012. Så mykje av brearmen i Briksdalen har forsvunne.

Foto: Ove Brynestad og Atle Nesje

Briksdalsbreen i 1997

STOR BREARM: Slik såg Briksdalsbreen ut i 1997. Då dekte den nesten heile Briksdalsvatnet.

Foto: Bjerknessenteret
Atle Nesje, professor i geologi

MÅLAR BREEN: Professor Atle Nesje seier at fleire brearmar minkar kraftig. (Arkivfoto)

Foto: NRK

I 1996 dekte breen heile Briksdalsvatnet. Sidan då har breamen minka kraftig. Berre det siste året har brearmen trekt seg 36 meter tilbake, skriv Fjordingen.

Førre helg var professor Atle Nesje ved Universitet i Bergen på ei årleg måling i Briksdalen.

– Truleg må ein 1500 år tilbake i tid for få finne breen så liten som no, seier han til avisa.

Overskot av snø

Briksdalsbreen i 2003

2003: Breen har stort sett minka dei siste åra.

Briksdalsbreen i 2008

2008: Slik såg breen ut for fem år sidan.

Briksdalsbreen 2012

2012: Slik ser breen ut i år.

Foto: Atle Nesje

Grunnen til at brearmen voks med 70-80 meter enkelte år på 90-talet, var dei store nedbørsmengdene.

– Det kom 10 meter med snø på breen fleire år, seier Nesje til NRK.no.

I år har det også vore overskot av snø på breen, men Nesje seier det vil ta tre-fire år før dei ser om brefronten igjen vil vekse.

– Sist vinter kom det sju meter med snø og fire ligg igjen på platået. Dette beveger seg med mot brefronten, men det kan ta tre-fire år før brearmen veks.

Nedste del kan forsvinne

I fjor blei brearmen delt i to og denne glipa har blitt større og større.

– No er det eit djupt gjøl i fast fjell mellom hovudbreen og nedre del. Det er lite is og mykje vatn som har gjort at breen har brotna.

Professoren fryktar at gapet mellom dei to delane er så stort at den nedste vil forsvinne.

– Dersom det ikkje rasar frå den øvste til den nedste delen og sommaren blir varm, kan den i verste fall vere vekke neste haust.

Skjer med fleire brearmar

For at brearmen igjen skal leggje på seg og bli stor og fin, håper Nesje på kalde somrar og nedbørsrike vintrar. Han seier smeltinga har skjedd raskare enn det dei trudde for nokre år sidan. Og det gjeld ikkje berre Briksdalsbreen.

– Dette skjer med dei fleste brearmane rundt Jostedalsbreen, særleg dei som vender mot Nordfjord. Dei blir tynnare og smalarar. Det viser mellom anna godt på Kjenndalsbreen og Bødalsbreen.

Nesje seier at dette fører til ei uroa turistnæring.

– Dei er bekymra for dette, for dei veit ikkje kva som vil vere igjen om ei stund. Det er også venta at temperaturen om sommaren går opp, så det kan sjå dystert ut for dei tynne og bratte brearmane i åra framover, seier han.

Briksdalsbreen i 1870

1870: Slik såg breen ut for 142 år sidan.

Foto: Bjerknessenteret