Jostedalsbreen

Nigardsbréen inst i Jostedalen er ein av dei mest særmerkte bréarmane av Jostedalsbréen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nigardsbréen inst i Jostedalen er ein av dei mest særmerkte bréarmane av Jostedalsbréen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Største fastlandsbreen i Europa

Jostedalsbreen er den største fastlandsbreen i Europa, og dekkjer eit areal på 487 kvadratkilometer frå Strynefjellet i nord og til Fjærland i Sogn i sør.

Ferdsla over Jostedalsbreen

Frå gamalt av har det vore mykje ferdsle over Jostedalsbreen - særleg mellom Jostedalen og Nordfjord. Her gjekk m.a. nokre av dei viktigaste driftevegane.

Jostedals-dialekten slektar på Nordfjord-målet

Det sterke sambandet mellom jostedøler og fjordingar over Jostedalsbreen fekk også eit høyrbart utslag: Jostedals-dialekten.

Langedalsbreen. Dette utsynet kan du nyte dersom du køyrer vegen frå veitastrondi til Tungestølen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Langedalsbreen. Dette utsynet kan du nyte dersom du køyrer vegen frå veitastrondi til Tungestølen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jostedalsbreen - ein lunefull granne

I «Den vesle istida» voks m.a. Jostedalsbreen kraftig, og brearmane skaut seg mange kilometer frametter dalane, og tok med seg hus og gardar. Som om ikkje plaga med breen var nok, vart Jostedalen også herja av store elveflaumar.

Breforskarane på Jostedalsbreen

Den første forskaren som kryssa breen, var dansken Gottfred Bohr i 1820.

Jostedalsbreen som turist- og klatremål

Jostedalsbreen og det ville høgfjellet ikring har frå dei eldste tider eggja folk med eventyrlyst og sans for å gjere «karstykke».

Briksdalsbreen i Oldedalen er mellom brearmane som har trekt seg mykje tilbake dei siste åra. Dette biletet er teke i 2005. Foto: Bjerknessenteret.

Briksdalsbreen i Oldedalen er mellom brearmane som har trekt seg mykje tilbake dei siste åra. Dette biletet er teke i 2005. Foto: Bjerknessenteret.

Historier frå vandringar på Jostedalsbreen

Om soldatar som gjekk seg vill i skodda, tenestejenta som vart drepen, og om ingeniøren som overlevde eit fall på 35 meter der sekken dukka opp att etter 27 år i breen.

Jostedalsbreen nasjonalpark

I 1992 vedtok Stortinget og gjere Jostedalsbreen med nærliggjande brear og sidedalar til nasjonalpark. Kring 1990 vart det opna tre bresenter nær Jostedalsbreen.

Jostedalsbreen truga av kraftutbygging

Særleg på 1970- og 1980-talet vart Jostedalsbreen og landskapet ikring utsett for eit sterkt press for kraftutbygging.

Bøyabreen i Fjærland er den armen av Jostedalsbreen som er lettast tilgjengeleg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bøyabreen i Fjærland er den armen av Jostedalsbreen som er lettast tilgjengeleg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.