Hopp til innhold

Briksdalsbreen fram 8 meter

Frå hausten 2009 til hausten 2010 har fronten til Briksdalsbreen gått fram
8 meter.

Briksdalsbreen 2010

Ryggen til høgre vart avsett ved utløpet av Briksdalsbreen i 1996. Sidan den tid har fronten trekt seg attende 478 meter.

Foto: Atle Nesje

Årsaka til framrykket er at det både i 2007 og 2008 var eit snøoverskot oppe på breplatået.

Målingar utført av NVE syner at det ved slutten av smeltesesongen begge desse åra låg att snø tilsvarande eit om lag 1 meter tjukt vasslag fordelt over heile Nigardsbreen sitt areal.

Det går vanlegvis 3-4 år før endringar oppe på breplatået gjev seg utslag i fronten til Briksdalsbreen.

Det er dermed snøoverskotet i 2007 og 2008 som no er på veg ned Briksdalsbreen og som har ført til relativt stor rasaktivitet i brefallet i sommar.

Har målt breen i 110 år

Frontmålingane ved Briksdalsbreen byrja i 1900 og det er dermed 110 år sidan desse målingane tok til. Sidan den gong har brefronten trekt seg tilbake 871 meter.

På 1990-talet gjekk fronten til Briksdalsbreen mykje fram på grunn av store nedbørmengder om vinteren.

Sidan breen dekka heile Briksdalsbrevatnet i 1996, har fronten trekt seg attende 478 m.

Forventar tilbakegong

Vinteren 2009-2010 var det uvanleg lite snø på Jostedalsbreen, medan sommaren, på tross av vekslande vær, var relativt varm.

Dette har ført til stor smelting på breen i sommar. Dette vil likevel ikkje gjere seg utslag i fronten til Briksdalsbreen før om 3-4 år, altså i 2013-14.