Hopp til innhold

Sjå, no er breen delt i to!

Erling Briksdal sperra augo opp, då han oppdaga at Briksdalsbreen er delt i to.

Her er Briksdalsbreen knekt i to

DELT I TO: Briksdalsbreen er delt på midten.

Foto: Erling Briksdal

– Eg har aldri sett breen slik før. Då eg var gutunge, var han tynn – og han gjekk ikkje så langt ned, men breen har aldri vore delt i to, seier Erling Briksdal til NRK.no.

Det er avisa Fjordingen som onsdag skriv om Briksdalsbreen. Ein av dei mest kjende brearmane i landet er knekt på midten.

Skal måle fleire brefrontar

Erling Briksdal tok bileta på laurdag, og har no sendt dei vidare til professor Atle Nesje ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

– Kombinasjonen av at mindre is kjem ned i brefallet og den store vassføringa, er nok forklaringa på dette, seier Nesje til Fjordingen.

Ifølgje professoren skal dei gjere den årlege målinga av Briksdalsbreen i månadsskiftet september – oktober. Også andre brefrontar skal målast.

LES OGSÅ:

– Også Suphellebreen og Bøyabreen i Fjærland minkar mykje, seier Nesje til Fjordingen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Briksdalsbreen har knekt i to
Foto: Erling Briksdal

Har gjort interessante funn

Nesje trøystar seg med at bresmeltinga opnar for fleire interessante arkeologiske funn. Det er mellom anna funne fleire tusen år gamle gjenstandar på ulike stader rundt om i landet.

Samstundes meiner han den store bresmeltinga skuldast klimeendringane. Det smeltar rett og slett meir is enn det som kjem på toppen av breen.

– Kva skal til for at breen veks saman igjen?

– Då må vi ha fleire år med store snømengder på toppen, og fleire somrar med låge temperaturar. Så det skal nok ein god del til før han veks seg saman att, seier Nesje til NRK.no.

– Må tusen år tilbake i tid

Inst i Oldedalen i Stryn følgjer Erling Briksdal med på utviklinga. Han er 56 år gammal, og kan ikkje minnast å ha sett Briksdalsbreen delt i to.

– Vi har aldri sett at breen har vore delt i to før. Vi må minst tusen år tilbake i tid før han har vore så liten som no, meiner Atle Nesje.

Briksdalsbreen i 2005

SEKS ÅR SIDAN: Slik såg Briksdalsbreen ut i 2005.

Foto: Bjerknessenteret