Hopp til innhold

Mindre bre, likevel rekord

Briksdalsbreen har minka kraftig siste åra. Likevel har aldri så mange turistar sett breen som i år.

Aldri før har så mange turistar sett Briksdalsbreen i som i år, trass i at breen er mindre enn på lenge. No tek Oldedalen Skysslag seg ein pust i bakken etter rekordsesongen

Rekordår i Briksdalen

No tek Oldedalen Skysslag seg ein pust i bakken etter rekordsesongen. For det er ikkje mange turistar å sjå i Briksdalen den 3. oktober. Rett nok ventar dei ei busslast med asiatiske turistar som synest det er spennande å sjå den barske naturen i haustskrud.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rogeir Haugen

MÅ HA FLEIRE BILAR: Dagleg leiar Rogeir Haugen i Oldedalen Skysslag.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Dagleg leiar Rogeir Haugen i Oldedalen Skysslag kan nøgd sjå at turistane strøymer til trass i at breen har minka kraftig.

– Dette er det beste året vi har hatt, vi har frakta mellom 38.000 og 40.000 turistar inn til breen. Til neste år må vi kjøpe fleire Troll-bilar.

Omsetninga i 2012 blir på ca. seks millionar kroner, skriv Fjordingen .

– Mangfald i tilbodet

For nokre år sidan vart tradisjonen med hesteskyss til Briksdalsbreen broten, etter fleire ulukker. I staden kjøpte Oldedalen Skysslag inn spesialbygde små opne bilar til å frakte turistane med.

Dette har ikkje gjort Briksdalsbreen mindre attraktiv som turistmål. Rogeir Haugen trur ikkje det har så mykje å seie at breen har trekt seg tilbake.

– Det handlar ikkje berre om breen, vi har eit mangfald i tilbodet vårt som gjer at vi står sterkt i marknaden.

Ei av årsakene til rekorden i år er den store trafikken med cruiseskip til Olden. For første gong passerte dei 100.000 passasjerar over kaia.

Briksdalsbreen oktober 2012

MINDRE, MEN FRAMLEIS ATTRAKTIV: Briksdalsbreen i oktober.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK