Hopp til innhold

Brede (27) gler seg til å ta del i fotballrevolusjonen

Han fekk sin første trenarjobb som 15-åring. No er Chelsea F.C. Women sin nye assistenttrenar klar for å hive seg på bølgja som har tatt Europa med storm.

Brede Skahjem Tokvam

TIL CHELSEA: Brede Skahjem Tokvam vart i førre veke klar som assisterande trenar for Chelsea F.C. Women.

Foto: Trond Gausemel / Hordalandsfotball

– Snøballen har byrja å rulle, seier 27-åringen, om den enorme auka i interesse som kvinnefotballen har opplevd dei siste åra.

Trenardraum i oppfylling

Førre veke vart det klart at Brede Skahjem Tokvam har fått jobben som assistenttrenar for damelaget til Chelsea. Aurlendingen legg ikkje skjul på at han tykkjer det er stort å no få moglegheita til å prøve lykka på balløya.

– Sidan eg byrja som trenar for ti år sidan, har eg drøymt om å få jobbe i England. Men at sjansen skulle komme allereie i ein alder av 27 år, det hadde eg ikkje trudd, seier trenartalentet.

Dei siste halvanna åra har han jobba som trenar for andrelaget til Brann, og i fjor skreiv han ny langtidskontrakt med bergensklubben. Tokvam, som treivst godt i Brann, var likevel ikkje i tvil då London-klubben tok kontakt.

Brede Skahjem Tokvam for SK Brann

SK BRANN: Brede Tokvam har jobba i halvanna år som andrelagstrenar for Sportsklubben Brann.

Foto: SK Brann

– Det var rett og slett ei utfordring eg ikkje kunne seie nei til.

Fekk sin første trenarjobb som 15-åring

At det unge trenartalentet har fått draumejobben i England, er kanskje ikkje heilt tilfeldig. Frå tidleg barndom skjønte han at det var fotball som var den store lidenskapen. Med ein far, som var religiøs Leeds-supporter og trenar for Aurland sitt herrelag, vart fotball ofte eit tema rundt middagsbordet.

– Eg er oppvaksen i ein fotballgarderobe med tigerbalsam og sveitte fotballsokkar, seier han.

Tokvam rakk så vidt å verte konfirmert, før han sjølv byrja å trene Aurland sitt G-11 lag. Han fortel om hektiske dagar der han gjekk mellom treningane for å både trene og verte trent.

Brede Tokvam på treningsfeltet

BYRJA TIDLEG: Alt som 15-åring fekk Brede sin første trenarjobb. Sidan det har han gjort fotballen til leveveg. Her frå tida i Brann.

Foto: Trond Gausemel / Hordalandsfotball

– Ein må byrje tidleg skal ein verte god, seier han.

Enorm kontrast

Etter å ha tatt trenarutdanning på den norske idrettshøgskulen, jobba Tokvam nokre år som videoanalytikar for aldersbestemte landslag før han gjekk over til å trene andrelaget til Brann.

Brede Tokvam instruerar Azar Karadas på treningsfeltet.

PÅ FELTET: Brede Tokvam instruerer Azar Karadas på treningsfeltet

Foto: Trond Gausemel / Hordalandsfotball

Så kom Chelsea på bana.

Tokvam er spent på endringane i arbeidskvardagen som ventar, når han no reiser til balløya.

– Det er størrelsen på teamet som vert størst forskjell. I Brann var me fire personar som jobba i kjernegruppa, medan i Chelsea Women jobbar 17 personar på fulltid for laget. Det er ein stor kontrast frå tidlegare, seier han.

– Eit kvantesteg i riktig retning

Kvinnefotballen i England, så vel som resten av Europa, har dei siste åra fått eit enormt løft. Under semifinalen i VM mellom England og USA såg 11,7 millionar sjåarar kampen i Storbritannia, noko som gjorde det til det mest sette programmet i 2019. Fleire storklubbar i Premier League vel no å satse tungt på kvinnefotballen.

– Vanlegvis spelar damelag på andre stadion enn herrane, men første serierunden i år skal me spele på Stamford Bridge. Når Manchester City møter Manchester United så skal dei spele på Etihad Stadium, som tar 55 000 tilskodarar, seier han.

Maren Mjelde på Stamford Bridge

OPNAR HER: Maren Mjelde og Chelsea Women sesongopnar på Stamford Bridge mot Tottenham 8. September. Heimebana til Chelsea har ein kapasitet på 41. 631 tilskodarar.

Foto: Chelsea Football Club

Tokvam seier det er spanande å få moglegheita til å jobbe i ein klubb og ein liga som opplev ein såpass stor vekst.

– Steg for steg vert barrierar brotne. Folk har fått opp auga for kvinnefotballen. Dette er ein utvikling som berre kjem til å fortsette, seier den kommande assistenttrenaren for Chelsea.