– Me føler tungt på ansvaret for 17 vegtunnelar i eigen kommune, pluss fleire andre tunnelar som ligg Hordaland og Buskerud, seier ordførar Noralv Distad (H) i Aurland.
Oppdraga for brannvesenet i Aurland kjem hyppigare og er meir krevjande enn for mange andre brannkorps. Dei siste åra har brannfolka i kommunen vore med på fleire dramatiske aksjonar, som under brannane i Gudvangatunnelen i 2013 og i sommar.
Brannfolk òg i Gudvangen
Ordførar Noralv Distad vil difor bruka i underkant av ein million kroner på opprusting:
– Me vil igjen få på plass brannmannskap i Gudvangen, slik at me har brannfolk på begge sidene av Gudvangatunnelen. Me hadde det tidlegare, men har ikkje hatt det dei siste åra. Me håpar å ha ny bemanning på plass i løpet av året, seier han.
Brannvesenet i Aurland har fått ros for innsatsen i begge Gudvanga-brannane, men under tunnelulukka i 2013 kom det òg kritikk.
- Les òg:
Statens havarikommisjon slo fast at det mellom anna var øvd for lite og at det var feil av brannvesenet og Statens vegvesen å snu ventilasjonsretninga, fortalde avdelingsdirektør Rolf Mellum i mars i år:
– Me veit at det er veldig krevjande å gjera rett vurdering i den situasjonen, men her var den naturlege røyktrekken oppover mot Aurland, men då røyken blei snudd, blei situasjonen dramatiske endra for trafikantane som fekk røyken over seg.
- Les òg:
- Les òg:
Nytt røykdykkar utstyr
Etter 2013-ulukka har brannvesenet øvd meir på tunnelbrann, og ordførar Noralv Distad viser til korleis brannsjefen i tunnelbrannen i år snudde røyken slik at redning og sløkking fungerte godt. Nytt utstyr skal gjera brannvesenet endå betre rusta:
– Me har i dag mange røykdykkarar i kommunen, men me må få på plass røykdykkarutstyr med surstoff for fire timar, slik at me kan vera lenger inne i ein akutt situasjon. Det vil vera viktig for oss og dei andre brannkorpsa i Sogn, og det vil gjera oss mindre avhengige av andre.