Brannvesenet snudde røyken mot bilistane

Innesperra bilistar kunne unngått røykskadar om ikkje brannkorpset hadde snudd ventilasjonen då eit polsk vogntog byrja å brenne i Gudvangatunnelen.

Bilistar som var innesperra under brannen i Gudvangatunnelen kunne unngått å få dei omfattande røykskadene. Det viser ein rapport frå Statens Vegvesen.
Då det byrja å brenne i tunnelen 5. august i fjor, vart røyken sendt i retning Gudvangen trass at det var på den sida av tunnelen det framleis var folk.
Kring 70 menneske måtte på sjukehus.

SJÅ TV-SAK: Bilistar som var inne i tunnelen samstundes som det brann i eit polsk vogntog, kunne unngått røykskadar.

Ifølgje ein rapport frå Statens vegvesen bestemte brannkorpset seg for å styre røyken i retning Gudvangen trass i at det var åtte kilometer lenger ut, og at det var på den sida av tunnelen det framleis var folk.

Britt-Linda Klaussen var ein av 73 personar som måtte på sjukehus. Og ei av seks som vart alvorleg skadde.

Britt-Linda Klaussen

BERGA LIVET: Britt-Linda Klaussen gjekk i to timar ut av den røykfulle tunnelen.

Foto: NRK

– Dei fleste var der det brann, men vi gjekk motsett veg av brannen. Vi skjønte ikkje kvifor røyken ikkje letta. Den tok nesten livet av oss, fortel Klaussen.

Tok feil av brannen

Bodø-kvinna og sambuaren gjekk i to timar før dei kom seg ut av den røykfulle Gudvangatunnelen i august i fjor. Det berga så vidt livet deira.

Like etter at brannen starta såg folk røyken gå austover mot Flåm. Den gjorde det til folk byrja å fjerne sløkkeapparat. Samstundes kom bilane på Flåm-sida seg ut av tunnelen.

Ved brann er det brannsjefen som styrer ventilasjonen. Dette kan gjerast ved melding til VTS eller med naudstyrepanel på utsida av tunnelen. Dette vart ikkje nytta under brannen. Det kan synast som om brannvesenet ikkje kjenner styringspanelet godt nok.

Evalueringsrapport etter Gudvangatunnelbrannen

Så snudde ventilasjonsretninga seg, i tråd med beredskapsplanen for brann. Overfor Vegtrafikksentralen stadfesta brannsjefen avgjerda om å snu røyken rett mot der det framleis var folk.

Brannsjefen tok også feil av kva side av tunnelen det var brann. Han trudde den var på Gudvangen-sida av tunnelen.

Brann i Gudvangatunnelen

DRAMATISK: Det polske vogntoget byrja å brenne inne i Gudvangatunnelen.

Foto: Monika Blikås

– Eg har ikkje kompetanse til å uttale meg om kva som var rett å gjere, då den avgjerda vart teken, men det fekk alvorlege følgjer for oss. Det tok nesten livet av oss, seier Klaussen.

– Vanskeleg å puste

I rapporten kjem det fram at beredskapsplanen nesten var skjebnesvanger. Fleire titals bilistar som hadde frisk luft, stod brått i ei røykfelle. I kaoset som oppstod krasja bilar og bussar klarte ikkje å snu.

Frå Lærdal sjukehus var vitneutsegna mange. Ei av dei som fortalde var Kirsten Lindén frå Os.

– Så kom plutseleg røyken veltande. Den var veldig varm og det var veldig vanskeleg å puste. Vi såg ingenting, det var heilt svart i tunnelen. Dei bilane som prøvde å køyre attende krasja med kvarandre heile vegen, så det vart heilt kaos, fortalde ho.

Ventar på rapport

Arvid Gilje
Foto: Arne Veum

NRK har konfrontert brannsjef Arvid Gilje med innhaldet i Vegvesenet sine analysar, men han ynskjer først å skrive sin eigen rapport før han uttalar seg.

Utover det viser han til eit intervju med NRK før jul, der han sjølv tok opp problemet med å snu viftene inne i tunnelen.

– Vi har også læringspunkt i dette. Først gjekk røyken mot Flåm, så vart den snudd. Slik som i retningslinjene i beredskapsplanen. Så fekk dei røyken attende. Det må ikkje skje igjen. Difor må vi ha same driftsventilasjon som brannventilasjon. Det er det viktigaste læremomentet, sa Gilje då.

Kunne ha venta?

Brannventilasjonsretninga er i beredskapsplanen bestemt til å vere i retning frå Aurland mot Voss. Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen ser at planen om å snu ventilasjonen kan diskuterast.

Brann Gudvangatunnelen

RØYKUTVIKLING: Det var kraftig røykutvikling under brannen i Gudvangatunnelen i august i fjor.

Foto: Stine Larsen Ramsøy

Alle dei skadde var på Gudvangen-sida av brannen og kunne unngått røyken. Brannvesenet i Aurland kunne venta med å snu røyken til folk var ute på den andre sida av brannen.

– Det vi ser i Gudvangatunnelen, så vart røyken snudd mot ventilasjonsretninga. I den lengste retninga der det var flest folk. Då må vi stille oss nokre spørsmål i ettertid, kan noko gjerast annleis, seier Eidsnes.

Åtvarar mot kritikk

Traileren som brant i Gudvangatunnelen

UTBREND: Traileren vart heilt utbrend.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Røyken vart snudd for at brannkorpset skulle komme seg inn, sløkkje brannen og leite etter folk. Avgjerda ligg i beredskapsplanen for tunnelen. Her kjem det også klart fram at ventilasjonsretninga er brannsjefen sitt ansvar.

Ein liknande situasjon oppstod også i Oslofjordtunnelen under brannen der. Regionvegsjefen åtvarar likevel mot å i etterpåklokskapens lys kritisere brannvernet i Aurland.

– Vi vil ikkje gå inn og vurdere om noko skulle vore gjort annleis i Gudvangatunnelen. Det vil Statens Havarikommisjon gjere, seier Eidsnes.

– Må lære av dette

Helge Eidsnes

ÅTVARAR: Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen.

Foto: Arne Veum

– Ein kjem vel ikkje vekk ifrå at dersom ein ikkje hadde snudd ventilasjonsretninga, så kunne ein unngått at folk fekk røykskadar?

– Det er ei avveging ut frå kva informasjon ein har når ein tek den avgjerda. Men vi må lære av dette for å sjå om det er ting vi kan gjere annleis.

Som følgje av brannane i Gudvangatunnelen og i Oslofjordtunnelen har Vegvesenet og direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) starta ein nasjonal gjennomgang av branninnsatsen under tunnelbrannar.

Skal samle brannfolk

Utgreiingssjef Kari Jensen seier konklusjonane er ikkje klare. Ho legg også til at ein no har starta arbeid for å lære, og sjå på korleis ein kan utvikle og lage det Jensen skildrar som meir sofistikerte redningsstrategiar.

Kari Jensen

GREIER UT: Kari Jensen er utgreiingssjef i DSB.

Foto: DSB

Det betyr å tilføre brannkorpset meir kompetanse.

– Det gjer ein på to måtar, for det første ein del seminar i samarbeid med Statens vegvesen der vi samlar brannfolk og gir informasjon og diskuterer for å få eit grunnlag til å komme vidare. Dei som har tunnelar er det mål om å gje meir kompetanse gjennom eit seminar knytt til Runehamartunnelen ved Åndalsnes, seier ho.

Også Statens havarikommisjonen for transport skal etter kvart levere rapport.

– Vi gjorde jobben sjølve

Etter å ha gått på eiga hand i over 8 kilometer gjennom det som i praksis blei ein skorstein då viftene snudde, klarte Britt-Linda Klaussen og sambuaren for eiga maskin å kome seg ut i dagen.

Fyrst då møtte dei hjelpemannskap. Sambuaren var i ein slik tilstand at han måtte ligge over eitt døgn i respirator. Ein lege ved Haukeland sjukehus sa at dei begge hadde vore nær ved å døy.

– Vi hadde ingen anna moglegheit enn å halde fram med å gå og håpe det gjekk bra. Men jobben med å berge oss gjorde vi sjølve. Det er min påstand, avsluttar Klaussen.