Hopp til innhold

Tore har jobba som brannmann i 17 år - veit han har større kreftrisiko enn mange andre

I 17 år har Tore Skarholm jobba i Førde brannkorps. Han håpar det vert endå meir fokus på det faktum at brannmenn har større risiko enn andre yrkesgrupper for å få kreft.

Created by InfoDispatcher

DOBBELT SÅ STORE: Tore Skarholm og resten av brannfolka i Førde brannkorps skulle gjerne hatt ei rein og ei urein sone i garderobane sine. Foto: Tone Merete Lillesvangstu

– Vi er eksponerte for både røyk og partiklar når vi er inne og skal sløkkje ein brann. Kleda våre i dag er pustande, frå inst til yttarst. Men det fører også til at partiklane kjem inn på kroppen og blir tekne inn gjennom huda, seier brannmann i Førde brannkorps, Tore Skarholm.

Han har jobba som brannmann i brannkorpset i Førde i 17 år, og fortel at ein før visste lite om farane som er knytte opp til det kroppen vert utsett for når ein sløkkjer brannar.

Men i løpet av dei siste åra har det komme mykje forsking som fortel om samanhengen mellom brannmannsyrket og risikoen for kreft.

– Det ligg jo i bakhovudet. Eg tenkjer jo på kva eg har utsett meg sjølv for, seier Skarholm.

Ikkje kjekt å vite

Brannfolk vert eksponerte for ein brei skala av kreftframkallande stoff, og forsking syner at det gir utslag i svært varierande kreftformer.

Internasjonal forsking gjennom dei 20 siste åra konkluderer med at det er ein samanheng mellom brannmannsyrket og auka kreftfare.

– Det er påvist at brannmenn har større risiko for å få kreft enn andre i befolkninga. Det er ikkje akkurat noko kjekt å vite, så vi prøver å finne måtar i jobben, slik at vi blir mindre eksponerte for dette, seier Skarholm.

Ein svensk studie av forskarar Tornling, Gustavsson og Högstedt ved Karolinska Hospital, syner at brannfolk har større risiko for å få kreft i lymfekjertel, prostata og testiklar, samanlikna med andre yrkesgrupper.

I februar vart det publisert ein studie gjort på over 16.000 nordiske brannmenn, basert på NOCCA-studien, som vart gjort for nokre år tilbake.

(Artikkelen held fram under biletet)

Av og på

PARTIKLAR: Her tek Per Stian Hammar på seg ei nyvaska ytterjakke. Men trass i at ho er vaska på høg temperatur, kan det framleis finnast skadelege partiklar i tøyet.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Går gjennom skinnet og rett i blodet

Studien avdekkjer som andre studiar moderat høgare risiko for brannfolk når det gjeld alle krefttypar. I denne studien har brannfolk mellom 30 og 49 år 259 prosent større risiko enn befolkninga generelt for å utvikle prostatakreft.

I ei amerikansk undersøking, gjort av National Institute for Occupational Safety and Health (NIOSH) i samarbeid med the National Cancer Institute og the Department of Public Health Sciences i oktober i år, har ein sett på 30.000 brannfolk over tidsperioden 1950 til 2009.

Denne syner at brannmannskap frå dei respektive brannkorps hadde ein større frekvens av fleire krefttypar enn den amerikanske befolkninga elles.

Når noko brenn, om det er hus eller bilar, vert brannmenn utsette for kjemiske og biologiske stoff som utgjer ein helserisiko under brann.

Studiar som er gjennomført på kreftpasientar, syner at hud ikkje stoppar opptak av kjemiske stoff. I einskilde tilfelle er huda meir effektiv til å absorbere giftstoff enn fordøyingsapparatet. For alt som går gjennom magen må passere levera før det går i blodomløpet. Det som kjem inn gjennom huda, går rett i blodet.

Ønskjer å gjere ein god jobb

Mange tenkjer kanskje at flammane er det verste brannmenn vert utsette for i jobben sin. Men sjølve varmen og eldtungene er ofte det minste problemet.

– Når vi kjem til staden, har ofte brannen fått utvikla seg, slik at det er mykje røyk. Så prøver ein å få ei oversikt over situasjonen, og då hender det ikkje reint sjeldan at vinden snur, slik at ein får brannrøyken midt i mot, seier brannsjef i Førde, Bernhard Øberg.

Bernhard Øberg

MEIR SYNTETISK: Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, fortel at når det tek til å brenne i eit hus i dag, så opplever brannvesenet langt meir giftig røyk enn før, rett og slett fordi det er mykje meir syntetisk materiale innomhus i dag.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Har ein ikkje då på seg røykdykkarutstyr, pustar ein i seg det som er i lufta.

– Blir du eksponert for det i lengre tid, så merkar du det på både pust og svelg at dette ikkje er bra, seier Øberg.

Han legg til at når det brenn, så er det ein del material som får ei ufullstendig forbrenning, noko som fører til mykje giftig gass.

Brannsjefen tek forskinga som syner at brannmenn har auka risiko for kreft, på høgste alvor.

– Når alarmen går, er du gira på å gjere ein innsats, det ligg i oss. Men så tenkjer ein også på at ein kan ha fått i seg røyk eller anna som ikkje er bra, og som kan føre til at du vert eksponert for kreft seinare. Det er ikkje kjekt, seier Øberg.

Har teke grep siste halvåret

Som utrykkingsleiar er han ofte tidleg på brannstaden, men er av og til på avstand, og utan røykdykkarutstyr medan brannen vert sløkt. Det har han merka i ettertid.

– Eg merkar ofte både sår hals og tette luftvegar, og det er ikkje bra, seier Øberg.

Brannmenn har ytterklede som er laga for at dei ikkje skal ta fyr, og leie minst mogleg varme.

Når brannen er sløkt, er desse kleda ureina av ymse partiklar. Før sette berre brannmennene seg i brannbilen og køyrde heim til stasjonen etter enda oppdrag.

Det resulterte i at både brannbilen innvendig vart ureina av giftige stoff, samt at dei ureine kleda også spreidde både lukt og anna ureining i garderobane på brannstasjonen.

Men siste halvåret har karane ved Førde brannkorps teke grep.

– Her i Førde har vi no som regel at vi kler av oss ytterkleda på staden rett etter innsats. Desse vert hatt ned i bossekker, og vert lasta bak i brannbilen for å bli frakta til brannstasjonen, fortel Skarholm.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skarholm og Hammar

TANEVEKKJAR: Både f.v. Tore Skarholm og Per Stian Hammar meiner det er viktig å ta forholdsreglar for å unngå det ein kan av giftige partiklar og stoff når ein jobbar som brannmann.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Luftutsug har endra kvardagen deira

Deretter vert kleda vaska på høg temperatur i vaskemaskin, før dei er klare til bruk att.

– Det er først siste tida vi har hatt fokus på denne problematikken, seier Skarholm.

I tillegg har ein utsug av luft i garderobane i Førde. Og det har gjort ein merkbar skilnad.

– Det er som skilnad på dag og natt. No føler vi ikkje at vi går oppi same brannlukta fire dagar etter brannen, seier Skarholm.

Men både han og brannsjef Bernhard Øberg veit at garderobesituasjonen langt frå er optimal. Det beste hadde vore å ha ei urein sone, med luftavtrekk, og ei rein sone, også med luftavtrekk.

– Slik det er no hender det at reine og ureine klede vert hengjande i same skap. Det er ikkje optimalt. Og sjølv om kleda er vaska, er det framleis att ureine partiklar i dei, så ein må unngå å riste dei innomhus, seier Skarholm.

(Artikkelen held fram under biletet)

Luktar ille

I POSAR: Brannmennene tek av seg ytterkleda på brannstaden, pakkar dei i plastsekkar, og så vert dei vaska ved brannstasjonen. Her er Per Stian Hammar i gang med å vaske ei av dei mange uniformene som vart brukte i under bilbrannane i helga.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Éi vaskemaskin på 25 uniformar

I tillegg er det ei einsleg vaskemaskin som tek unna all vasken til brannmennene i Førde. Førde brannkorps har sidan 2009 hatt dagkasernering med fire mann på vakt på dagtid. Totalt tel brannkorpset 25 mann.

Det betyr 25 sett ytterklede (jakke og bukse). Kvart sett er så stort at maskina berre klarar eitt sett om gangen. I tillegg kjem innerklede i ull og alt brannmannskapa nyttar av treningsklede og handklede.

– Det tek si tid å få vaske gjennom, seier Per Stian Hammar.

I tillegg går det to-tre dagar for å tørke kvart sett med ytterklede. Så då det var to brannar på to dagar i helga, var brannsjefen glad for at Førde brannkorps framleis har dei gamle draktene sine.

– Det som reddar oss, er at vi har det gamle settet som vi brukte før, dermed har kvar brannmann to sett. Dei er ikkje like gode som dei nye, men det går, seier Øberg, som ser behovet for ei vaskemaskin av industri-typen.

– Behovet er der, det er heilt klart, seier Øberg.

Trur ikkje det har noko å seie for rekrutteringa

Onsdag er brannmenn i ti av nabokommunane til Førde inviterte til føredrag i regi av «brannmenn mot kreft».

Både Skarholm og Hammar ser fram til å høyre meir om temaet.

– Vi ønskjer å få meir fokus på det, og at fleire vert kjende med problematikken slik at vi kan ta forholdsreglar så godt som vi kan, seier Skarholm.

Han trur ikkje auka kreftrisiko gjer at nokon vel vekk brannmannsyrket.

– Nei, det trur eg ikkje. Dei som har lyst til å bli brannmann, dei tenkjer nok ikkje mest på det, seier Skarholm.