– Vi har varsla om dette til dei som har ansvaret for bygget, men ingenting vart gjort, seier Jay Vergo til NRK.
Kona hennar, Jasmine Vergo, fortel at ho låg og sov då ho bråvakna av eksplosjonen. Ho vart kasta ut av senga og ut på golvet. Ho kom seg opp og ut i ei fart, og på vegen ut såg ho fire eller fem menneske liggje heilt stille på fortauet framfor bygningen.
Brannfolk i arbeid på eksplosjonsstaden i New York i ettermiddag norsk tid.
Foto: Kena Betancur / Afp– Det såg ut som om dei var døde, seier ho.
LES OGSÅ:
Masse røyk
Ho fortel at ho ikkje har sett flammar, berre røyk. Ho er temmeleg sikker på at det er snakk om ein gasslekkasje. Ho kan fortelje at alt rista også i bygningen dei bur i. Alle som bur i nabolaget er no evakuerte.
Det er fleire skular i området, men borna blir haldne innandørs, fortel dei to kvinnene. Elevane blir aktiviserte for å halde roa, seier dei.
NRK-journalist Kristina Høyer oppheldt seg lenger sør på Manhattan då eksplosjonen skjedde. Ho reiste straks til Harlem, og ho fortel at det var temmeleg kaotisk då ho kom fram.
Mange samla seg
Svært mange nysgjerrige samla seg utanfor politisperringane, og det kom raskt fleire hundre pressefolk til staden. Mange fjernsynsstasjonar har sendt direkte frå området i heile ettermiddag norsk tid.
Folk er stort sett rolege og rettar seg etter direktiva frå politiet, fortel Kristina Høyer.
Borgarmeisteren i New York, Bill de Blasio, seier at minst 12 menneske er sakna etter eksplosjonen i Harlem. Han seier likevel at fleire av dei kan ha kome seg ut, utan at dei har varsla politiet om det.