Hopp til innhold

Justisdepartementet lyser no evalueringa etter Lærdalsbrannen ut på anbod

Justisdepartementet lyser no evalueringa etter Lærdalsbrannen ut på anbodet. – Dette er på høg tid seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Branntomt på Lærdal
Foto: Marius Arnesen / NRK

– Eg tykkjer dei har brukt langt tid på å få det ut på anbod.

Det er gått ei halvt år sidan storbrannen i Lærdal. 19. opplevde lærdalsamfunnet den verste brannen i norsk etterkrigstid. 40 bygg, mange av dei bustadhus blei slukt av flammehavet. Fleire familiar blei huslause.

Dagen etter brannen, kom justis- og beredskapsminister Anders Anundsen statsminister Erna Solberg til Lærdal. Dei lova då evaluera alle sider ved ei slik krise av nasjonalt omfang.

– Kan lære oss mykje

Jan Geir Solheim, ordfører Lærdal

VIKTIG EVELUERING: – Mange kan lære av det som skjedde i Lærdal, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

– Ei slik evaluering er viktig fordi det er mykje å lære også for andre av det som skjedde i Lærdal. Då må ein evaluere medan det er nokolunde ferskt, seier Solheim.

– Men er det ikkje rett at regjeringa brukar litt på lage eit godt grunnlag for kva som skal evaluerast, når dette no skal ut på anbod?

– Jo, og då er det kanskje slik at sidan dette er den største brannkatastrofen etter krigen så var det vanskeleg. Det har vi også opplevd når vi skulle lage ein plan for gjenreising av Lærdal. Det er vanskeleg nå ein ikkje har noko å samanlikne med.

Kjempa side om side


I Lærdal kjempa profesjonelle som brannvesen, politi, helse side om side med frivillige i kampen mot flammane. I ettertid har fleire av dei profesjonelle kome med sine evalueringar. Det store overordna har latt vente på seg.


(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Brann Flatanger

VIKTIG EVELUERING: – Mange kan lære av det som skjedde i Lærdal, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Foto: Ove Magne Ribsskog

No lyser departementet ut anbod for å evaluere brannane i Lærdal, Flatanger og Frøya.

«Det skal foretas en helhetlig gjennomgang og evaluering som belyser alle viktige forhold av betydning for hendelsene, herunder forebyggende arbeid, beredskapsforberedelser, ledelse og håndtering av innsatsen samt koordinering og samvirke mellom etatane. » Heiter det blant anna i utlysingsteksten.

– Det har vore interessant å lese dei evalueringsrapportane som kome, men det sjå det på eit overordna nivå, korleis alle kreftene verka saman. Det blir det interessante med den endelege evalueringa.