Hopp til innhold

Kan puste letta ut – Brann klarte det!

Brann-entusiasten takkar Sogndal for imponerande innsats. Det berga laget han brenn for.

Arve Helle

EIN GLAD SUPPORTER: Arve Helle har vakse opp med at laget er Brann. Men han har meir tru på at Sogndal vil gjere det godt i eliteserien.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I går kveld vart det klart at Brann er klare for Eliteserien etter at Sogndal slo Kristiansund 4 – 3 på Fosshaugane.

Dermed ligg Kristiansund på tredjeplass på tabellen, sju poeng bak Brann, medan det berre er seks poeng att å spele om. Og dermed har det vore feira både i Bergen og Sogndal i natt.

– Dette var veldig godt, det skal seiast. Eg var skeptisk då eg var til Bergen og såg at Brann ikkje klarte det mot Bærum. Då var det veldig godt å få hjelp frå gode naboar i Sogndal, seier den store Brann-entusiasten, Arve Helle.

Frykta Brann skulle svikte

Helle er tidlegare ordførar i Fjaler og konsulent i Sogn og Fjordane Fotballkrets. Og ikkje minst engasjert som både leiar og trenar i Dale. Han vedgår at det har svikta litt hos laget i det siste - og at han var nær å miste håpet om opprykk.

– At det har halta er vel berre forbokstaven for dei tre siste åra. Det var veldig greitt å få dette bekrefta og la dei no få bygge opp eit nytt lag som forhåpentlegvis held mål i eliteserien.

No skal laget spele i den øvste divisjonen i landet. Helle trur ikkje det er tilfeldig at Brann har blitt laget i hans hjarte.

– Det har vel med tilknytinga eg sjølv har til Bergen, eg budde mine fyrste år der og har fått det inn frå barnsbein av at det er Brann som er laget. Så kom Sogndal. Det har alltid vore Brann som er nummer ein. Eg brukar å seie at eg held med i Sogndal i alle kampar, unnateke dei to mot Brann kvart år.

Trenarskifte var vitalt

I mai skifta Brann trenar og fekk tilsett den tidlegare Hødd-trenaren Lars Arne Nilsen. Kontrakten hans går ut etter denne sesongen. Helle trur og håpar trenar fortset.

– Eg har tru på at med Lars Arne Nilsen vil framgangen fortsette. Sjølv om eg hadde stor sans for forgjengaren, så var dette skiftet heilt nødvendig. Det hadde gått veldig gale.

No trur Helle at neste sesong blir spennande, også fordi Brann framleis har mykje å jobbe med.

Har tru på Sogndal

–Dei må betre treningskulturen og få inn nokre kvalitetsspelarar. Eg trur ikkje vi skal ha illusjonar om at dei vil komme i øvre del av tabellen, dei treng meir tid. Der har eg meir tru på Sogndal, for dei har imponert kraftig i år.

Sogningane har levert solid meiner Helle og gir også trenar Eirik Bakke skryt for det han har prestert med laget.

– Det er noko solid over dei. Måten Bakke har fått laget til å prestere i kamp etter kamp, og spesielt i går at dei ikkje fekk den utladinga etter opprykket, men klarte å slå Kristiansund, var ein enorm innsats synest eg.