Hopp til innhold

Slik jubla dei for målfest og seriemeisterskap!

SOGNDAL (NRK): Usannsynleg mykje skal til om ikkje Sogndal blir seriemeister i førstedivisjon etter 4-3-sigeren mot Kristiansund.

Mahatma Otoo, Lars Kristian Kjemhus og Kristian Fardal Opseth tek selfie
Foto: Christian Blom / NRK

For Sogndal låg det 800 000 kroner i potten dersom dei tok tre poeng i kveld. Då ville dei ha seks poeng til gode på Brann med to kampar att å spele. Med minimum seksten plussmål til gode ville sigeren i divisjonen i praksis vere sikra med full pott.

Og kampen vart målrik og underhaldande. Til slutt stod det 4-3 til Sogndal etter mål av Mahatma Otoo (2), Kristian Fardal Opseth og Thomas Drage.

Laster innhold, vennligst vent..

Desse starta kampen for Sogndal: Mathias Dyngeland - Eirik Skaasheim, Bjørn Inge Utvik, Christophe Psyché, Taijo Teniste - Lars Christian Kjemhus, Petter Strand, Babacar Sarr, Thomas Drage - Mahatma Otoo, Kristian Fardal Opseth.

Slik var første omgang

4 min: Kristiansund er farleg frampå. Skotet går like utanfor.

6 min: 1-0. Mahatma Otoo vinn ballen på midten for Sogndal, og sender Thomas Drage på løp på venstrekanten. Nordlendingen slår inn i feltet, og der kjem Otoo og vinn duellen i lufta. Keeper utan sjanse på avsluttinga.

15 min: Det skjer lite framfor måla no. Kristiansund har vore på eit par forsøk, utan at det vart veldig farleg.

25 min: Kristiansund kjem fram på venstrekanten, men innlegget hamnar trygt i klypene til Mathias Dyngeland.

26 min: Thomas Drage legg inn frå venstre. Kristian Fardal Opseth får ikkje kontroll med ryggen til mål.

29 min: Saftkokaradn prøver å få med seg publikum på å oppeldne spelarane. For no er det daudt utpå matta.

35 min: 1-1. Så eksploderer det. Jonas Rønningen kliner til frå 20 meter. Ballen susar inn i det lengste hjørnet. Målet kom ut av ingenting. Men det var vakkert!

37 min: Petter Strand kjem til skot frå 18 meter. Men det går via ein forsvarar og til corner.

38 min: 2-1. Sogndal slår tilbake! Ein corner hamnar i feltet, går som i eit flipper-spel og treff Mahatma Otoo - og deretter i mål.

39 min: NRK sin fotograf på staden meiner corneren var av det tvilsomme slaget. Sogndal kan ha vore heldige der.

45 min: Laga går til pause på 2-1. Det skjedde lenge svært lite, men siste ti minutta vart det plutseleg full fres. Interessant å sjå kva grep trenarane gjer i pausen.

Mathias Dyngeland kastar seg etter ballen
Foto: Steinar Lote / NRK

Slik var andre omgang

47 min: Kristiansund med omgangens første skot, men utanfor.

49 min: Karamoko Daouda Bamba kjem til skot, men det går ein halvmeter utanfor målet til Dyngeland.

51 min: 3-1. Thomas Drage legg inn frå venstre. Inne i feltet stupar Kristian Fardal Opseth fram og stangar ballen i mål. Pent. Kaupingen er oppe i 15 mål i år. Svar på tiltale til Otoo, som luktar på tittelen som toppscorar med sine 13 mål.

55 min: 3-2. Sogndal-forsvaret er avventande og får ikkje klarert i eigen 16-meter. Tor Erik Torske får hamre inn ballen frå kort hald.

59 min: 4-2. No skjer det mykje her. Kristian Fardal sleivar på ein sjanse inne i feltet, men der kjem i staden Thomas Drage og bankar ballen i krysset. Kontant frå kantspelaren!

67 min: Mahatma Otoo prøver eit langskot frå nesten 30 meter. Ballen skrur seg såvidt utanfor det lengste krysset.

70 min: Thomas Drage blir teken av bana. Ruben Holsæter kjem inn.

76 min: Otoo headar utanfor frå fire meter. Utruleg! Men flott innlegg frå Eirik Bergum Skaasheim.

83 min: Skaasheim kjem igjen fint fram på høgrekanten. Denne gongen treff han Fardal Opseth, som headar over mål.

85 min: Bjørn Inge Utvik får gult kort etter ei ufin takling.

86 min: Simen Brekkhus kjem inn for Lars Kristian Kjemhus.

86 min: Det er 2339 betalande tilskodarar på Fosshaugane.

90 min: Opseth går ut. Fredrik Flo kjem inn.

92 min: 4-3. Dan Ulvestad set inn nok eit måk. Breisidar ballen i nota.

93 min: Dommaren bles av kampen. 4-3 til Sogndal. No kan nesten ikkje seriemeisterskapen ryke!

Laster innhold, vennligst vent..